Over 50 køyrety skrota

– Publikum skal ha tryggleik for at køyrety på jarnbanenettet er i stand til å køyrast, seier direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 07.04.2017   Endret: 15.05.2017

SJT sjekker at kjøretøymerkingen vises korrekt.Inspeksjon på Alnabru hausten 2016.

Alle verksemder registrerte som innehavar i det nasjonale køyretyregisteret for jarnbane (NVR) fåvåren 2016 pålegg av Statens jernbanetilsyn (SJT) om å stadfeste at køyretya deira var korrekt registrerte. Køyrety på jarnbanenettet (lokomotiv, vogner og arbeidsmaskiner) skal ha identitetsmerking og vere sporberre for å kunne brukast i ordinær drift. I tillegg til korrekt NVR-merking skal køyretyet ha ei nemning for å vise kven som er innehavar (VKM).

Skroting og korrigering

Pålegget gav blant anna desse resultata:

  • Meir enn 50 køyrety blei trekte tilbake og skrota av verksemdene
  • Meir enn 20 korrigeringar blei gjorde
  • Fleire køyrety blei nyregistrert
  • Fleire køyrety som var feilaktig trekte tilbake, kunne igjen takast i bruk.

Feil på merking og skilting

Opprydjinga i køyretyregisteret blei følgd opp av SJT hausten 2016 med umeldte tilsyn. Bane NOR SF, Green Cargo AB, Hector Rail AB, NSB AS, NSB Gjøvikbanen AS og Raillog AS blei undersøkte. Alle hadde feil på merking og skilting av køyrety. SJT sjekka EVN-merking (same funksjon som bilskilt) og VKM-merking.

Følgjande funn blei gjort:

  • Fem køyrety hadde verken EVN- eller VKM-merking. Eitt av dei fem køyretya mangla også landkodemerking
  • Eitt køyrety hadde påmalt feil EVN-nummer
  • Fleire køyrety mangla VKM-merking
  • Enkelte køyrety med utanlandske EVN-nummer var ikkje mogeleg å spore med databasar SJT har tilgang til
  • Fleire køyrety hadde merking som ikkje samsvarer med krav til skrift og skriftstorleik
  • Fleire køyrety stod hensatt (skrota frå køyretyregisteret).

Ønskjer kontakt om tre køyrety

SJT avdekte også tre køyrety som ingen verksemder tok på seg ansvaret for. Køyretya er fjerna frå registeret og kan ikkje brukast på jarnbanenettet. SJT ber verksemder som er eig, innehavar eller eining ansvarleg for vedlikehald for desse om å ta kontakt.

EVN-numra for dei tre køyretya:

  • 60768235321-6
  • 96769759103-0
  • 96769759118-8.

Fleire kontrollar i 2017

– Mangel på identifisering reduserer tryggleik og tillit. Tenk korleis det vil vere å møte ein bil på vegen utan nummerskilt. SJT ser positivt på at fleire av jarnbaneverksemdene har starta med å merke køyretya i tråd med krava i regelverket. Vi vil likevel fortsetje å gjennomføre merkekontrollar rundt om i Noreg i 2017, kombinert med operative kontrollar, seier direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i SJT.

Tilsynsrapportar

SJT formidlar resultat frå tilsynsverksemda gjennom blant anna tilsynsrapportar. Les tilsynsrapportane etter dei umeldte tilsyna om merking og registrering:

Green Cargo AB
Hector Rail AB
NSB AS
NSB Gjøvikbanen AS
Raillog AS
Bane NOR SF