Nye synskrav for lokførarar

Lokførarar må ha syn på begge auge, viser endring i vedlegg til førarforskrifta.

Publisert: 07.03.2017   Endret: 07.03.2017

Endringar i lokførardirektivet (direktiv 2007/59/EF) er teken inn i EØS-avtalen i februar. Endringane er implementerte i Noreg ved at førarforskrifta er endra. Endringane som følgjer av kommisjonsdirektiv 2014/82/EU inneber at forskrifta sitt vedlegg II stiller krav om syn på begge auge. Kravet vil ikkje gjelde førarar som har mist synet på eitt auge før innføringa av det nye kravet.

Andre endringar

Vedlegg IV om krav til kompetanse tilknytt førarprovet blir erstatta av eit nytt vedlegg IV, men det er berre strukturen på teksten som er endra, ikkje reelt innhald.

Språkkrava i vedlegg VI blir endra på bakgrunn av kommisjonsdirektiv 2014/82/EU og kommisjonsdirektiv (EU) 2016/882. No blir krava knytte opp mot ei felles europeisk referanseramme for språk. På visse vilkår vil det bli gitt unnatak som gir mindre strengje språkkrav for førarar som framfører tog mellom grenser og til nærmaste stasjon frå grensa.