Ny TSI teke inn i norsk rett

TSI styring, kontroll og signal er vedteken og er blitt sett i kraft i norsk rett.

Publisert: 01.06.2017   Endret: 01.06.2017

Denne nye tekniske spesifikasjonen for samtrafikkevne erstattar forskrifta frå 2013. Rettsakta inneheld i dei vesentlege oppdateringane og forbetringane. Av innhald blir den tidlegare TSI-en videreførd.

Dei viktigaste endringane er i Anneks A og kapittel 6 og 7:

  • I Anneks A er det gjort endringar for å vedta Baseline 3, release 2 for ETCS og Baseline 1 for GSM-R. Sistnemnde inneber bruk av meir robust radiomodul om bord eller bruk av filter for å unngå forstyrring frå nabofrekvensar i GSM-nettet.
  • I kapittel 6 og 7 er det hovudsakleg gjort strukturendringar, presiseringar og klargjeringar.