Nest best i Europa

Europeisk ulukkesstatistikk viser at jarnbanen i Noreg kjem nest best ut i ein femårsperiode.

Publisert: 07.04.2017   Endret: 07.04.2017

Noreg er eit av landa med færrast ulukker med død og alvorlege personskadar i EU- og EØS-området – også justert for mengd køyrde kilometer med tog. Over ein femårsperiode kjem Noreg på andreplass, rett etter Irland. Tala er frå perioden 2011 til 2015. Det europeiske jarnbanebyrået (ERA) har samla inn talmaterialet frå kvart enkelt land.

Meir medvetent arbeid for sikkerheit

– Tala tyder på at det skjer mykje godt arbeid for sikkerheit på jarnbana i Noreg. Vi har gjennom fleire år merkt at aktørane legg større vekt på arbeidet for sikkerheit, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn (SJT).

Ifølgje Reiersøl-Johnsen har jarnbaneaktørane blitt meir medvitne og systematiske i arbeidet for sikkerheit. Aktørane har for eksempel teke meir omsyn til vêrforhold og risiko for ras. Fleire verksemder har dessutan gjort eit godt arbeid med beredskap. Dei har også blitt flinkare til å dekkje krava i forskriftene samtidig som dei tilpassar styringssystemet til sine eigne behov. Dei fleste aktørane har også betre oversikt over eigne uønskte hendingar og tilløp til ulukker.

Storulukker

Risikoen for storulukker består av element som ikkje nødvendigvis pregar kvardagen.

– Innan jarnbane kan berre ei ulukke få veldig store konsekvensar. Derfor er det viktig at aktørane framleis er merksame på den underliggjande risikoen for storulukker, sjølv om desse skjer svært sjeldan, seier Reiersøl-Johnsen.

Få personar

På jarnbana i Noreg omkjem flest såkalla tredjepersonar. Dette er fotgjengarar, bilistar og syklistar som oppheld seg for eksempel på planovergangar. I perioden 2006-2015 omkom i snitt 4,2 såkalla tredjepersonar. I same periode omkom ingen passasjerar i togulukker.

Norge har mykje grisgrendte strøk. Høy folketettleik i einskilde andre land kan medverka til at somme land har fleire ulukker med tredjepersonar enn Norge.

Japan kjem best ut

Det er færre ulukker i EU enn i USA, Canada, Korea og Australia, viser statistikken frå ERA. Berre Japan har færre jarnbaneulukker med omkomne enn EU, ifølgje «Safety Performance Report 2016».

PDF-ikon.I rapporten kan du lese meir om europeisk jarnbanestatistikk.