Høyring som angår tryggleikssertifikat

EU sitt jarnbanebyrå foreslår endringar i grunnlaget for å vurdere søknad om tryggleikssertifikat. Du kan uttale deg om endringane innan 17. februar 2017. Reglane som blir vedtekne vil gjelde for Noreg.

Publisert: 04.01.2017   Endret: 04.01.2017

Høyringa gjeld dei to forskriftene som omhandlar grunnlaget for å vurdere søknad om tryggleikssertifikat og tryggleiksgodkjenning, samt tilsynsforskrifta. Under blir nokre av endringane skildra.

CSM CA gonger to

Forskrift om metode for vurdering av tryggleikssertifikat (CSM CA., Commission Regulation (EU) No 1158/2010)

Forskrift om metode for vurdering av tryggleiksgodkjenning (CSM CA., Commission Regulation (EU) No 1169/2010)

Begge tryggleiksmetodane omhandlar grunnlaget det skal vurderast på ved løyving av tryggleikssertifikat og tryggleiksgodkjenning. I sikkerheitsdirektivet sin artikkel 9 ligg ei forventning om at jarnbaneverksemdene skal bruke dette grunnlaget ved etablering av eit system for styring av tryggleik.

Nokre endringar:

  • Tilpassingar for å få på plass felles tryggleikssertifikat gitt av EU sitt jarnbanebyrå (ERA)
  • Restrukturerte krav til styring av tryggleik
  • Human Factors og kultur for tryggleik blir inkludert som eigne fagområde
  • ERA skal ikkje gi tryggleiksgodkjenning
  • Tydelegare krav til kompetansestyring hos tilsynsstyresmaktene ved løyving av tryggleikssertifikat og tryggleiksgodkjenning.

Tilsynsforskrifta

(CSM SP, Commission Regulation (EU) No 1177/2012)

Nokre endringar:

  • Metoden stiller krav til dei ulike landa si tilsynsverksemd
  • Tettare samarbeid mellom ERA og tilsynsstyresmakter under sertifiseringsprosessen.
  • I den nye CSM-ein er det også skildra krav til kompetanse og styring hos personellet som skal drive med tilsynsverksemd.

Send inn høringssvar

På denne ERA-sida ligg forslaga til endring av dei tre forskriftene. Her ligg også skjema som skal brukast for å sende inn høyringssvar.