Gjennomføringsplan for TSI OPE

Statens jernbanetilsyn (SJT) har utarbeidt ein nasjonal gjennomføringsplan for TSI OPE og meldt planen til ESA.

Publisert: 08.09.2017   Endret: 11.09.2017

SJT har utarbeidt den nasjonale gjennomføringsplanen i medhald av TSI OPE 2015/995/EU artikkel 3d nummer 2 og sendt planen til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Planen skildrar tiltaka som skal oppfylle EU-avgjerda, i samsvar med avsnitt 7 i vedlegg I.

Innhald i planen

Gjennomføringsplanen er basert på gjennomføringsplanar for tidlegare versjonar av TSI OPE. Den nye planen skildrar:

  • prinsippa for gjennomføring
  • korleis den rettslege gjennomføringa skal skje
  • korleis samsvar skal verifiserast

Ved høyring av forslag om å oppheve togframføringsforskrifta og ERTMS-togframføringsforskrifta bad SJT om synspunkt på grunnlaget for gjennomføringsplan for TSI OPE. Formålet var å sikre at gjennomføringsplanen for delane av TSI OPE som ikkje er gjennomført i norsk rett, blei riktig og realistisk. I høyringssvara blei det påpekt at SJT si foreslåtte frist for gjennomføring var for kort. Derfor er fristen i gjennomføringsplanen endra til 1. juni 2019. SJT vil frå same tid oppheve togframføringsforskriftene.

Les gjennomføringsplanen.
Engelsk flagg. Read implementation plan.