Forboden å forskjellsbehandle

Private og offentlege tilbydarar av tenester i serviceanlegg for jarnbana pliktar å behandle jarnbaneføretak i Noreg likt, ifølgje ny jarnbaneforskrift.

Publisert: 07.03.2017   Endret: 07.03.2017

Tidlegare var det i hovudsak infrastrukturforvaltaren Jernbaneverket (no Bane NOR) som hadde plikt til å gi alle jarnbaneføretak tilgang til tenester ved serviceanlegga sine. Frå 2017 er regelverket strengare. No pliktar den som driv serviceanlegg å yte tenester til alle jarnbaneføretak som ber om det.

Den som driv serviceanlegget kan berre avslå oppmodingar dersom det finst såkalla levedyktige alternativ jarnbaneføretaka kan nytte til å få utført same type tenester på økonomisk akseptable vilkår. Den som driv serviceanlegget har likevel inga plikt til å investere i anlegg eller utstyr for å kunne innfri oppmodingar.

Tilrettelegging for konkurranse

Formålet med reglane er å leggje til rette for sunn konkurranse i jarnbanemarknadene gjennom å sikre alle føretak tilgang til nødvendige jarnbanerelaterte tenester på ikkje-diskriminerande vilkår. Slik tilgang kan hjelpe til å gjere det enklare å etablere seg i marknaden, særleg for nye og mindre føretak. Konkurranse er ikkje eit mål i seg sjølv. Det er eit verkty for å oppnå målet om ein effektiv jarnbanetransportmarknad for brukarane og samfunnet som heilskap.

Kva er serviceanlegg?

Serviceanlegg er nødvendige for å få marknadene for jarnbanetransport til å fungere. Anlegga kan omfatte blant anna passasjerstasjonar, vedlikehaldsanlegg, godsterminalar og hamneanlegg tilknytt jarnbane. Tenester inkluderer lasting og lossing av gods, skifting og hensetting av tog, informasjons- og billettenester, vedlikehald og påfylling av drivstoff.

Klage til Statens jernbanetilsyn

Statens jernbanetilsyn (SJT) er marknadsovervakingsorgan for jarnbana. Eit jarnbaneføretak kan klage til SJT ved avslag på ei oppmoding om tenester dersom føretaket meiner avslaget er urimeleg eller diskriminerande. Tilsynet har fullmakt til for eksempel å påleggje operatøren av eit serviceanlegg å gi klagaren tilgang til eit anlegg eller å endre pris og andre vilkår.

Operatørar av serviceanlegg som også utfører transporttenester, og som har ei dominerande stilling i den nasjonale transportmarknaden anlegget blir brukt til, er pålagt ekstra strengje krav ved avslag på oppmodingar.

EU-tilpassing

Den nye jarnbaneforskrifta er i stor grad basert på forventa EØS-regelverk. Forskrifta inneber ei tilpassing til Noregs framtidige internasjonale plikter.

I EU blir det jobba med å utarbeide eit meir detaljert regelverk som vil utfylle dagens reglar om serviceanlegg. Regelverket vil truleg gjennomførast i norsk rett i dei nærmaste åra.