Fleire ulukker med trikk i 2016

Statens jernbanetilsyn (SJT) fekk innrapportert ti ulukker med sporvogn og trikk i 2016, mot åtte året før.

Publisert: 29.06.2017   Endret: 29.06.2017

Sporvogn og trikk omfattar Trikken i Oslo, Bybanen i Bergen og Gråkallbanen i Trondheim. Åtte personar blei alvorleg skadde i dei innrapporterte ulukkene i 2016, mot sju personar i 2015. Det viser sikkerheitsrapporten til SJT for jarnbane 2016.

Definisjonen på ei ulukke

Verksemdene SJT fører tilsyn med sender årleg inn ei oversikt over jarnbaneulukker. Som på jarnbanenettet er ulukker med sporvogn og trikk definerte som jarnbaneulukker. Slike ulukker har større skadeomfang enn hendingar og alvorlege hendingar. Med jarnbaneulukke meinest ei hending som anten valdar død eller alvorleg personskade, eller omfattande skade på materiell, spor, andre installasjonar eller ytre miljø, eller omfattande trafikkforstyrringar.

Blanda trafikk

Nesten 70 prosent av hendingar som blir rapportert for sporvogn og trikk har samanheng med at desse framkomstmidla blir framførde i blanda trafikk, altså der andre typar køyrety også ferdast. Hendingar det blir rapportert mest av er samanstøyt med motorkøyrety (buss, varebil, lastebil og taxi). For dei mest alvorlege hendingane er det samanstøyt med person som dominerer.

Jarnbanenett og T-bane

På jarnbanenettet skjedde 18 ulukker i 2016 – like mange som i 2015. Tre personar er stadfesta omkome. Hendingstypen som valdar flest ulukker var riving av kontaktleidning.

T-bana hadde ei hending i 2016 som blei klassifisert som jarnbaneulukke, mot to året før. Éin person blei skadd i ulukka.

Fleire rapporterte hendingar

I 2016 fekk SJT rapportert inn i alt 31.500 hendingar frå jarnbaneverksemdene, som også omfattar T-bane, sporvogn og trikk. Talet på innrapporterte hendingar har forandra seg lite dei siste tre åra.

– Vi er tilfreds med at talet på rapporterte saker frå verksemdene ligg på eit stabilt høgt nivå. Rapportane er viktige i det førebyggjande arbeidet for sikkerheit hjå verksemdene. I tillegg gir det oss i SJT verdifull statistikk som blir brukt systematisk til å følgje opp verksemdene og planleggje tilsyn, seier direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen i SJT.