Fleire tog køyrde på «raudt lys»

Tog og andre køyrety på det norske jarnbanenettet passerte oftare stoppsignal i 2016 enn året før, visar statistikk frå Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 30.03.2017   Endret: 30.03.2017

Rødt lys på Lysaker stasjon.Statens jernbanetilsyn (SJT) fekk innrapportert 117 hendingar med passering av stoppsignal i 2016, mot 110 hendingar i 2015. Utilsikta passering av stoppsignal – såkalla passhendingar – har tidlegare ført til samanstøyt mellom tog. Det skjedde ingen samanstøyt mellom tog på grunn av passhendingar i 2016. Dei innmeldte hendingane tyder ikkje på at fleire tog har vore i trafikk på same strekning samtidig.

Cirka halvparten av hendingane skjedde i togtrafikk, både med godstog og persontog. Den andre halvparten skjedde ved anleggsarbeid og skifting – det vil seie ved flytting av vogner inne på terminalar.

Automatisk togstopp

Signalsystemet ATC stansar automatisk tog om dei køyrer forbi signal som viser stopp. ATC betyr «automatisk togkontroll». Det er likevel framleis nokre strekningar i Norge som ikkje har ATC. Alle nye jarnbanestrekningar skal utrustast med ATC eller det komande signalsystemet ERTMS. Bane NOR har vedteke å innføre ERTMS på alle strekningar innan 2030. ERTMS gir kontinuerleg oppdatering av informasjon, ikkje punktvis slik som ATC. Denne endringa vil hjelpe til å redusere kor sannsynlig det er at passhendingar vil hende.

17 jarnbaneulukker i 2016

Førebelse tal innrapporterte til SJT viser at det skjedde 17 jarnbaneulukker i 2016 på det nasjonale jarnbanenettet. SJT venter på meir informasjon for å kunne konkludere om inntil fire fleire hendingar kan definerast som jarnbaneulukke. Endelege tal for 2015 viste 18 jarnbaneulukker på det nasjonale jarnbanenettet.

Kva er ei jarnbaneulukke?

Ei jarnbaneulukke er ei hending som:

  • forårsakar død eller alvorleg personskade, eller
  • omfattande skade på materiell, spor, andre installasjonar eller ytre miljø, eller
  • omfattande trafikkforstyrringar.

For eksempel er det ei jarnbaneulukke dersom eit tog riv ein køyreleidning og det fører til stans i trafikken på den aktuelle strekninga i meir enn seks timar.

To omkomne

Dei 17 ulukkene gjeld både godstog og persontog. Jarnbaneulukkene skuldast avsporingar og ulike former for samanstøyt: med person, stein og ras, riving av køyreleidning eller samanstøyt mellom togmateriell utanom trafikk.

To personar er bekrefta omkome i jarnbaneulukkene i 2015. Dei omkom i høvesvis jarnbanesporet og på personovergang til plattform, ikkje på planovergang. Dei to omkomne var ikkje togpassasjerar eller tilsette på jarnbana.

Ulukkene på det nasjonale nettet har ikkje nødvendigvis ført til store materielle skadar, men stans i trafikken i seks timar eller meir har konsekvensar for trafikkavvikling og passasjerar.

Trikk og T-bane

På trikk- og T-banenettet er det stadfesta 11 ulukker i 2016, med i alt åtte personskadar. Det endelege ulukkestalet for 2015 var ti. Seks av ulukkene skjedde ved samanstøyt med person, to skjedde ved avstiging og tre ved avsporing. Samanstøyt med person skjer hovudsakleg med trikk, og hyppigast med trikk som køyrer i blanda trafikk, for eksempel Oslo sentrum.