Fleire samanstøyt på planovergangar

Førebelse tal frå Statens jernbanetilsyn viser at det skjedde 10 samanstøyt mellom bil og tog på planovergang i 2015, mot 7 året før.

Publisert: 20.01.2016   Endret: 15.10.2016

7 av dei 10 hendingane i 2015 gjeld samanstøyt mellom bil og tog på sikra planovergang, det vil seie på planovergangar med lys/lyd/bommar. Dei tre siste åra har tilsynet registrert 24 samanstøyt på planovergang. 14 av dei 24 hendingane har skjett på sikra planovergangar. Det er generelt meir trafikk på sikra overgangar enn på usikre overgangar.

– Bommar kan køyrast ned med bil. Det er både farleg og ulovleg å krysse planovergangar på raudt lys. Skulle ein likevel bli innestengd mellom bommane av ein eller annan grunn, er det viktig at ein enkelt kan køyre bommen ned med eigen bil. Det er betre å køyre ned bommen enn å kollidere med toget, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.

Færre togulukker i 2015

Førebelse tal frå Statens jarnbanetilsyn viser at det er rapportert 21 ulukker på det nasjonale jarnbanenettet i 2015, mot 28 i 2014. To av dei 21 hendingane er uavklart på grunn av politietterforsking såg talet på ulukker kan bli enda lågare.

21 ulukker er omtrent på snittet for talet på ulukker på det nasjonale jarnbanenettet dei siste ti åra. Talet på ulukker i 2015 fordeler seg nesten likt mellom godstogselskap og persontogselskap.

To personar er stadfesta omkome i ulukkene, og fire personar blei alvorleg skadde. I 2014 omkom éin person, mens fire blei alvorleg skadt.

Definisjonen på ei jarnbaneulukke er ei hending som:

  • forårsakar død eller alvorleg personskade (innlegging på sjukehus i meir enn 24 timar)
  • gir omfattande skade på materiell, spor, andre installasjonar eller ytre miljø
  • fører til stans i togtrafikken i meir enn seks timar.

For eksempel er det ei jarnbaneulukke dersom eit tog riv ned ein køyreleidning og det fører til stans i trafikken på den aktuelle strekninga i seks timar eller meir.

Årsaker til nedgangen

Nedgangen i talet på ulukker på det nasjonale jarnbanenettet skuldast hovudsakleg færre avsporingar, færre nedrivingar av køyreleidningar og færre samanstøyt med gjenstand (stein, ras o.l.). Dei to siste årsakene er gjerne med i same hending.

Fem av jarnbaneulukkene i fjor vil tilsynet tilleggje klimaforhold, ettersom dei skjedde i samband med anten is-/snøras, solslyng eller nedblåsne trær.

– Ulukkene som skuldast klimaet viser at det er vesentleg at vi fortset å ha ververnebuing som tema i tilsynsverksemda vår, seier direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen.

– Ulukkene på det nasjonale nettet har ikkje nødvendigvis ført til store materielle skadar, men stans i trafikken i seks timar eller meir tilseier at jarnbaneselskapa må styrkje vernebuinga ved ulukker i eit langstrakt og verutsett land som Noreg, seier Reiersøl-Johnsen.

Éin person omkom i trikkeulukke

Kategorien «sporvogn/trikk» i tilsynet sin statistikk består av Trikken i Oslo, Bybanen i Bergen og Gråkallbanen i Trondheim. I 2015 omkom éin person i ei trikkeulukke, som i 2014. Tre personar blei alvorleg skadt i 2015, mot seks alvorleg skadde i 2014.

T-bana i Oslo hadde ingen dødsulukker i 2015, mot éin året før. Éin person blei alvorleg skadd i 2015, mot to året før.