Færre omkomne på jernbana

Ein person omkom på jernbanenettet i 2019, mot fem personar i 2018, syner førebels statistikk frå Statens jernbanetilsyn.

Publisert: 05.02.2020   Endret: 26.02.2020

Personen omkom i samanstøyt med tog. To personar blei alvorleg skadd. Den omkomne og dei skadde er ein del av ulukkesstatistikken for 2019. 28 jernbaneulukker er førebels status for 2019, mot 25 i 2018. Ytterlegare fire ulukker blir utgreidde, så totaltalet på omkomne for 2019 kan bli høgare.

Med jernbaneulukke meiner me ei hending som forårsakar

  • død eller alvorleg personskade
  • omfattande skade på materiell, spor, andre installasjonar eller ytre miljø
  • omfattande trafikkforstyrringar

Ingen omkomne på trikk og T-bane

I 2019 var det totalt tre trikkeulukker og T-baneulukker, med ein alvorleg skadd passasjer. I 2018 var det totalt ni ulukker, med i alt tre alvorleg skadde passasjerar.

Hendingar på jernbanenettet

Cirka 21.000 hendingar blei rapporterte på det nasjonale jernbanenettet i 2019, mot cirka 22.000 i 2018.

Ein nedgang i rapportering av hendingar på om lag fem prosent endrar ikkje Statens jernbanetilsyns inntrykk frå dei siste åra: Verksemdene på jernbana er stadig observante og systematiske i arbeidet sitt med sikkerheit. Overordna blir hendingane dominert av feil på infrastruktur, ferdsel i spor og ferdsel på planovergang.

Totalt innrapporterte hendingar i 2019 viser mykje av dei same utfordringane som føregåande år. Hendingane er knytte til nedriving av køyreleidning, beredskap, arbeid i og ved spor, klimatiske forhold og bruk av leverandørar. Desse forholda har vore gjenstand for tilsyn. Utfordringane knytte til arbeid i og ved spor har samanheng med sikkerheitsavvik knytt til bruk av leverandørar.

Hendingar for trikk og T-bane

Cirka 3.600 hendingar er rapporterte for trikk og T-bane i 2019, mot cirka 3.900 i 2018. Framleis blir statistikken dominert av risiko knytte til tre forhold:

  • ferdsel i spor
  • ferdsel på planovergangar
  • handlingar frå personar som ikkje er personell eller passasjerar