«Dei gamle» dominerer innan persontransport

Dei tidlegare statsmonopola dominerer framleis marknaden for persontransport på jarnbane, viser ny rapport.

Publisert: 24.05.2017   Endret: 24.05.2017

IRG-Rail sin marknadsrapport for 2015 viser at dei tradisjonsrike jarnbaneverksemdene med fortid som statseigde monopolbedrifter framleis dominerer innan persontransport i den europeiske marknaden. I Noreg hadde NSB AS cirka 87 prosent av persontransportmarknaden i 2015. Flytoget AS og SJ AB dekte resten av marknaden.

IRG-Rail gir ikkje noko eintydige svar på kvifor dei tidlegare monopolbedriftene framleis er så sterke. Nokre årsaker kan vere eit sterkt merkenamn, stor kunnskap om regelverk, sikkerheitsstyring, marknad og infrastruktur, stordriftsfordelar og tilgang til passasjerstasjonar.

«Offentleg teneste» størst

Noreg blir kjenneteikna av å vere eit land der verksemdene driv «persontransport i offentleg teneste». Verksemdene inngår direkte avtale med staten, og forpliktar seg til å gi eit transporttilbod som set allmenne interesser fyrst. Også i Europa utgjorde denne kategorien i 2015 ein mykje større del enn kommersiell transport. Målt i mengd passasjerkilometer utgjorde persontransport i offentleg teneste i gjennomsnitt 64,6 prosent av totalmarknaden. Berre Spania og Frankrike hadde kommersielle marknader som var større – med høvesvis 56,5 og 61,3 prosent.

Persontransport klart størst

På jarnbana i Europa utgjorde persontransport cirka 82 prosent av all trafikk i 2015. Tyskland er framleis det største jarnbanemarknaden, med om lag 26 prosent av all trafikk (person- og godstrafikk). Målt i mengd køyrde kilometer veks den europeiske jarnbanemarknaden med om lag éin prosent i året. Prosentvis har persontransport vakse omtrent dobbelt så mykje som godstransport i mengd køyrde togkilometer sidan 2010 (5,6 mot 2,8 prosent).