Bane NOR skal styrkje risikovurderingane

Bane NOR skal byggje ein meir robust organisasjon for fagleg støtte og rettleiing når det gjeld risikovurderingar.

Publisert: 01.02.2018   Endret: 01.02.2018

Ambisjonen om risikovurderingar kom fram i eit tilsynsmøte med Statens jernbanetilsyn (SJT), referert i denne tilsynsrapporten. Bane NOR opplyste at bemanninga er styrkt i konsernstab for sikkerheit og kvalitet. Bemanninga i infrastrukturdivisjonen skal også styrkjast.

Bane NOR opplyste vidare at det blir rapportert månadleg til konsernleiinga om arbeidet med å forbetre gjennomføring av risikovurderingar. Betre organisering og utvikling av felles farelogg og risikovurderingsverktøy er også ambisjonar i det vidare arbeidet.

SJT vil følgje opp Bane NORS vidare arbeid med implementering av tiltak for å styrkje arbeidet med risikovurderingar i 2018.

Les tilsynsrapporten frå tilsynsmøtet med Bane NOR.

Sjå alle tilsynsrapportar for jarnbane.