Statens jernbanetilsyn utførde sju fleire tilsyn med jarnbaneverksemder i 2015 enn året før.
Dei 43 tilsyna i 2015 bestod av 9 revisjonar, 17 tilsynsmøte (16 med Jernbaneverket), 10 operative kontrollar, 4 dokumenttilsyn og 3 umeldte inspeksjonar. Tilsynet sitt personell har i tillegg delteke som observatørar ved ei vernebuingsøving.
Selskap som ikkje har tilstrekkeleg sikkerheitsstyring har fått kalla tilbake sitt sikkerheitssertifikat.
I 2015 prioriterte Statens jarnbanetilsyn tilsyn på fire område i tillegg til ei særleg oppfølging av Jernbaneverket:
- oppfylging av avvik
- sikkerheit på operativt nivå
- styring av leverandørar
- oppfylging av føresetnader og vilkår som ligg i løyve.
Utfordringar i bransjen
Tilsynet ser blant anna desse utfordringane hos jarnbaneverksemdene:
- identifisering av bakanforliggjande årsaker til avvik og til evaluering av effekt av gjennomførde tiltak
- føraropplæring og underlag for opplæring
- leverandørstyring
- implementering av overvakingsforskrifta
- implementering av forskrift om ein felles sikkerheitsmetode for risikoevaluering og -vurdering
- enkelte svært alvorlige mangler knyttet til lasting, skifting, manglende etablering av sporsperrer og bruk av ikke godkjent kjøretøy.