I 2024 fekk SJT rapportert 2866 hendingar som av ulike årsaker kan knytast til omgrepet avsporing. Rapporteringa er dominert av hendingar som ikkje er ein reell risiko for avsporingar.
Kategorien for avsporingar dekkjer til dømes moglege feil og manglar ved infrastruktur, moglege feil og manglar ved køyretøy, lastsikring og handlingar frå tredjeperson. Avsporingar blir definerte i SJTs risikobilete for jernbanebransjen som ei topphending.
Av alle hendingar knytte til avsporing i 2024 er cirka:
- 85 % knytt til feil og manglar på infrastruktur
- 11 % knytt til feil og manglar på køyretøy
- 4 % anna (til dømes lastsikring og handling frå tredjeperson)
Kva hendingane om avsporing fortel oss
Analysane våre av rapporterte forhold fortel oss følgjande:
- Rapporterte hendingar om feil og manglar ved infrastrukturen har auka.
- Auken av rapporterte hendingar er størst for ujamt og ustabilt spor.
- Det er òg rapportert mange hendingar om vatn og is i og ved sporet. Dette kan vise kor viktig det er å ha ein tilstrekkeleg robust infrastruktur som kan handtere klimaendringar.
- Togselskapa rapporterer òg inn feil og manglar som må utbetrast for å kunne ta opp att normal trafikk.
- Det er viktig å ha kontroll på kva feila betyr for avsporingstryggleiken. Feil kan ha potensial til å forårsake avsporing.
- Reelle avsporingar, der årsaka er feil og manglar ved infrastrukturen, har ikkje auka.
- For å vareta tryggleiken blir det sett i verk operative rutinar for korleis togtrafikken skal avviklast ved innmeldingar om feil på infrastrukturen.
For SJT synest det som om jernbanebransjen generelt har ein god rapporteringskultur.