SJT sine oppgåver for fornøyelsesinnretningar

Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsyn med fornøyelsesinnretningar.

Samferdselsdepartementet er den overordna styresmakta for tilsyn med fornøyelsesinnretningar. Statens jernbanetilsyn (SJT) sine oppgåver når det gjeld fornøyelsesinnretningar, er å:

  • ha hovudansvaret for tilsyn med fornøyelsesinnretningar
  • vere ein pådrivar for tryggleik ved bruk av fornøyelsesinnretningar
  • gje forskrifter og rettleiingar osb. og sjå til at krav er oppdaterte i samsvar med den tekniske utviklinga både nasjonalt og internasjonalt
  • saksbehandle søknader om og utferde driftsløyve for fornøyelsesinnretningar
  • føre tilsyn og kontroll med at verksemder med fornøyelsesinnretningar følgjer gjeldsande lovgjeving, inkludert at personellet som blir brukt har dei naudsynte tryggleikskvalifikasjonane osb.
  • føre register over fornøyelsesinnretningar med driftsløyve
  • følgje opp ulukker og hendingar, både med og utan personskade
  • fastsetje vilkår for driftsløyve
  • gje pålegg om korrigerande tiltak eller augeblikkeleg stans, eller tilbakekalling av driftsløyvet.

SJT krev inn gebyr etter gebyrforskrift for fornøyelseinnretningar.

SJT sine oppgåver i høve til fornøyelsesinnretningar inkluderer ikkje ansvarsområde som høyrer inn under andre offentlege kontroll- og tilsynsorgan, som til dømes:

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde