Oppgåver for fornøyelsesinnretningar

Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsyn med fornøyelsesinnretningar.

Samferdselsdepartementet er den overordna styresmakta for tilsyn med fornøyelsesinnretningar. Statens jernbanetilsyn (SJT) sine oppgåver når det gjeld fornøyelsesinnretningar, er å:

  • ha hovudansvaret for tilsyn med fornøyelsesinnretningar
  • vere ein pådrivar for tryggleik ved bruk av fornøyelsesinnretningar
  • gje forskrifter og rettleiingar osb. og sjå til at krav er oppdaterte i samsvar med den tekniske utviklinga både nasjonalt og internasjonalt
  • handsame søknader om og utferde driftsløyve for fornøyelsesinnretningar
  • føre tilsyn og kontroll med at verksemder med fornøyelsesinnretningar følgjer gjeldande lovgjeving, inkludert at personellet som blir brukt har dei naudsynte tryggleikskvalifikasjonane osb.
  • føre register over fornøyelsesinnretningar med driftsløyve
  • følgje opp ulukker og hendingar, både med og utan personskade
  • fastsetje vilkår for driftsløyve
  • gje pålegg om korrigerande tiltak eller augeblikkeleg stans, eller tilbakekalling av driftsløyvet.

SJT krev inn gebyr etter gebyrforskrift for fornøyelsesinnretninger.

SJT sine oppgåver i høve til fornøyelsesinnretningar inkluderer ikkje ansvarsområde som høyrer inn under andre offentlege kontroll- og tilsynsorgan, som til dømes:

Fant du det du lette etter?