Driftstillating

I nytt regelverk for fornøyelsesinnretningar gjennom ny lov og ny forskrift blei det gjort endringar frå kravet om årleg tryggleiksmessig godkjenning.

Publisert: 21.09.2016   Endret: 01.09.2017

Dette kravet blei erstatta av krav om driftstillating. Etter det nye regelverket skal kvar enkelt fornøyelsesinnretning ha driftstillating. Driftstillating er ikkje tidsavgrensa, slik at kravet om årleg søknad bortfall.

Ei anna viktig endring er at det blei innført eit virksomhetsomgrep. Det vil seie at den som har driftstillating for ein eller fleire fornøyelsesinnretningar reknas for ei verksemd.

Å vere ei verksemd inneber fleire ting. Dei tre viktigaste er:

  • Ansvaret for fornøyelsesinnretninga ligg hos verksemda
  • Statens jernbanetilsyn vil føre tilsyn med verksemda
  • Verksemda kan ha ein «flåte»forsikring for alle fornøyelsesinnretningar den har driftstillating for

Ei viktig endring er også at det blei innført ei plikt til å melde endringar. Det vil seie at alle endringar av ein fornøyelsesinnretning skal meldast til Statens jarnbanetilsyn på eit fastsett skjema. Det er Statens jernbanetilsyn som avgjer om endringa er av ein slik karakter at den medfør krav om ny driftstillating.

Overgangsordning

Dei som i dag har tryggleiksmessig godkjenning for sine fornøyelsesinnretningar treng ikkje søkje om driftstillating. Dei vil reknas for å oppfylle forskrifta sine krav og vil få skriven ut driftstillating når Statens jernbanetilsyn har verifisert at den einskilde innretninga er i samsvar med regelverket.

Fant du det du lette etter?