Innretningar

Desse innretningstypane fører vi tilsyn med.

Publisert: 15.05.2017   Endret: 14.11.2018

  • Vassrutsjebaner med fallhøgd frå sitjeflata ved påstiging til vasspegelen i landingsbasseng eller integrert bremsesone større enn 2,0 meter, med eller utan skliinnretningar
  • Mindre innretningar, så som barnekarusellar, med rotasjonsfart mindre enn 8 o/min eller periferifart mindre enn 3,0 m/s der publikum ikkje blir løfta høgare enn 3,0 meter over det omliggjande bakkenivået. Mindre skjenegåande innretningar som tog, bilbaner og liknande
  • Større innretningar enn dei som er nemnde i punkt B, så som karusellar, berg-og-dalbaner, tømmerrenner, pariserhjul, sjølvgåande skjenegåande innretningar, katapultar, gravitetstårn
  • Spøkelseshus og opplevingsgangar
  • Oppblåsbare hoppeslott, hoppeputer, sklier og liknande
  • Radiobilbaner
  • Organisert båt-/kanoutleige innanfor parkar, bompibåtar, båtar/kanoar i kunstige elver
  • Simulatorar og bevegelege golv, inkludert Rodeo, snøbrett, vindtunnelar o.l.
  • Skytebaner med luft- eller fjørvåpen innanfor parkar og tivoli
  • Personførande taubaner (zipliner) som ikkje fell inn under taubanelova eller forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr
  • Høgde- og klatreparkar
  • Bungy-trampoliner
  • Gokartbaner som blir tilbodne for offentleg utleige
  • Motoriserte saktegåande frittgåande køyretøy innanfor avgrensa område i parkar og tivoli
  • Strikkhopp og katapulting innanfor tivoli og fornøyelsesparkar
  • Andre innretningar/attraksjonar innanfor tivoli og fornøyelsesparkar som bringer publikum i «tvungen» rørsle eller kan utsetje publikum for risiko, og som ikkje fell inn under anna lovgjeving, så som taubanelova, vegtrafikklova, produktkontrollova osb.

Unnatekne innretningar

Desse innretningane er unnatekne frå tivolilova eller kjem inn under anna lovgjeving:

  • Vassrutsjebaner med fallhøgd mindre enn 2,0 meter
  • Små innretningar med myntinnkast plasserte på kjøpesenter osb.
  • Mindre hoppeputer, hoppeslott og liknande med mindre totalt areal enn 10 m2 og mogleg fallhøgd mindre enn 1,0 meter
  • Hydrauliske gravemaskiner
  • Leikeinnretningar som kjem inn under forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr og tilhøyrande NS-EN 1176
  • Innretningar der publikum sjølv står for framdrift og rørsle, til dømes trøbilar, manuelle gravemaskiner, manuelle skjenegåande innretningar osb.
  • Enkle simulatorar for éin person i spelehallar osb.
  • Innretningar og aktivitetar for idrettsføremål og trampolinar, klatreveggar og klatrestativ
  • Gokartkøyring innanfor motorsport, utleige av ATV, minibikes, funkart, crosskart og andre terrenggåande køyretøy osb.
  • Ekstremaktivitetar og innretningar/aktiviteter som openbert fører med seg stor grad av risiko for utøvaren, til dømes rafting, elvepadling, fjellklatring, via ferrata, basehopping, fallskjermhopping, olabilar osb.
  • Strikkhopp og katapulting utanfor fornøyelsesparkar og tivoli.

Fant du det du lette etter?