Risiko ved zipliner

Staten jernbanetilsyn (SJT) minner om tre risikofaktorar dei som driv zipliner må vere spesielt oppmerksame på.

Publisert: 09.06.2017   Endret: 09.06.2017

SJT fører tilsyn med blant anna klatreparkar og frittståande zipliner. Klatreparkar og zipliner aukar i tal og blir nytta av stadig fleire. I eit brev til bransjen gjer SJT innehavarar av zipliner oppmerksam på tre risikofaktorar.

1. Belastning på ståltau og innfesting

  • Standarden for zipliner seier at ståltauet i ein zipline skal ha ein såkalla tryggleiksfaktor på tre ved ein meldt last på 300 kg midt på spennet
  • Standarden angir tryggleiksfaktor på fire som krav for å motstå utriving av endefestar i fjell og til vurdering av fjellkvaliteten
  • Dersom ein zipline er festa i trær, skal trekvaliteten vurderast
  • I mange tilfelle må vurderingar av zipliner kome frå rådgivande ingeniør, geolog med spesialkompetanse innan ingeniørgeologi (bergmekanikk og anleggsteknikk) eller ein arborist (trebehandlar).

2. Bakkeklaring i trasé

Standarden stiller krav om tilfredsstillande bakkeklaring for meld last på 300 kg, i heile ziplinens lengde. Både last og temperaturendringar kan påverke bakkeklaringa.

3. Fart inn på endeplattform

Rapportering av ulukker viser at dei fleste hendingar skjer når publikum får for høg fart inn på endeplattforma. Farten blir påverka blant anna av tyngd på person, luftmotstand, vindretning og taustramming. Bruk av mekaniske bremseanordninger er ein måte å redusere farten på.

Råd til publikum

Risikofaktorane nemnde over er det ansvaret til bransjen å ha kontroll med. Publikum som bruker klatreparkar og zipliner kan også hjelpe til at opplevinga blir tryggast mogeleg.

SJT gir følgjande råd:

  • Ikkje ta dei tøffaste løypene fyrst, men begynn med ei lett løype
  • Kjenn di eiga avgrensing. Ta pause når du begynner å bli sliten
  • Minst én sikringskarabin skal alltid vere festa i sikkerhetsvaieren ved klatring i klatrepark
  • Når du kjører i en zipline, bøy knær og albuer ved landing på plattformen, og ikke ta deg for – selv når farten er høy.