Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med blant anna fornøyelsesparkar, omreisande tivoli, gokart, vassrutsjebaner, høgde-/klatreparkar og frittståande zipliner. Ved ulukker og tekniske uhell skal skaderapport sendast inn til Statens jernbanetilsyn. Ulukker med alvorlege personskadar – og tekniske uhell som kunne ha medført alvorleg personskade – skal rapporterast omgåande per telefon til tilsynet.
Les tryggleiksrapporten for 2015 (PDF-fil).
Vassrutsjebaner og zipliner
Av alle fornøyelsesinnretningar er det vassrutsjebaner som ligg seg øvst i ulukkesstatistikken innan kategorien «mindre alvorlege hendingar».
Innan kategoriane «middels alvorlege ulukker» og «alvorlege ulukker» er det zipliner som er øvst i ulukkesstatistikken.
Nokre av skadane med zipliner skjer ved for rask framkomst på landingsplattform. Andre skadar skjer fordi gjesten koplar av begge sikringskarabinane samtidig. Sikringskarabinar skal heile tida vere festa i minst eitt punkt. Sjå råda til tilsynet om bruk av zipliner nedst.
Kompetanse og opplæring
Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med at dei som driv klatreparkar/zipliner har gode driftsrutinar, god kompetanse og at dei gir god opplæring.
– Personalet skal ikkje berre kontrollere hjelm og selety, men også forsikre seg om at deltakarane har forstått prinsippa, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn.
Statens jernbanetilsyn gir følgjande råd til dei som skal vere i klatreparkar eller nytte zipliner:
- Minst ein sikringskarabin skal alltid vere festa i tryggleiksvaieren ved klatring i klatrepark
- Ikkje ha stive bein og armar – og forsøk ikkje å ta deg for – ved rask framkomst til plattform for ziplinen
- Tenk på at du skal ha bøy i kne og olbogar ved landing, sjølv om det går fort
- Ikkje ta dei tøffaste løypene fyrst, men begynn med ei lett løype
- Kjenn di eiga avgrensing. Ta pause når du begynner å bli sliten.