Faktura for årsgebyr blir send ut

Statens jernbanetilsyn sender no kontinuerleg ut faktura for årsgebyr for 2017 på fornøyelsesinnretningar.

Publisert: 09.10.2017   Endret: 09.10.2017

Det nye regelverket for fornøyelsesinnretningar som blei innført i 2017 medfører endringar i størrelsen på gebyr. Fornøyelsesinnretninga blei tidlegare delt inn i 14 gebyrklassar, mens dei no blir delte inn i fire. Verksemdene har i 2016 og 2017 sjølv registrert opplysningar om innretningane sine på skjema som er sende til SJT Desse opplysningane er lagde til grunn for å plassere innretningane i ny gebyrklasse.

For innretningar det er søkt om driftsløyve for i 2017, vil årsgebyret fyrst fakturerast når driftsløyva er gjeve. Sjølve saksbehandlinga for søknader om driftsløyve er gebyrfri i 2017.

Kontakt og klage

Omlegginga til ny gebyrordning er omfattande, og for spørsmål kan du ta kontakt på e-post.
Ei eventuell klage blir stilt til Samferdselsdepartementet, men blir sendt til SJT.