– Gokart er ikkje risikofritt

Talet på innrapporterte ulukker på gokartbaner auka kraftig i 2013. Auken skuldast fleire hendingar på gokartbaner utanfor fornøyelsesparkar.

Publisert: 14.06.2014   Endret: 15.10.2016

Statens jernbanetilsyn får mange innrapporte hendelser med gokart.Publisert: 14.06.2014

– Generelt er tryggleiken god i parkar og tivoli, men vi vil følgje opp tryggleiken innan gokart og vassrutsjebaner spesielt framover.

Gokartkøyring og bruk av vassrutsjebaner er ikkje risikofritt, seier Arnstein Skogset, leier for avdeling for taubane, park og tivoli i Statens jarnbanetilsyn.

Gokart

Av det totale talet på 226 innrapporterte uønskte hendingar i 2013, er 62 hendingar relaterte til gokartbaner (27 prosent). 55 av dei 62 hendingane har skjett på gokartbaner utanfor fornøyelsesparkar. Innrapporterte hendingar frå gokartbaner blir beskrivne som for eksempel smertar, forstuingar, medvitstap og kutt.

For 2012 blei det rapport 212 uønskte hendingar totale, av desse gjeld 56 gokartbaner (26 prosent). 38 av dei 56 hendingane i 2012 skjedde på gokartbaner utanfor fornøyelsesparkar.

– Talet på innrapporterte gokartuhell aukar, og auken kjem frå "frittståande" gokartbaner, det vil seie gokartbaner lokaliserte utanfor dei store fornøyelsesparkane. Vi vil følgje opp desse spesielt framover, seier Skogset.

Det er langt fleire innrapporterte hendingar per gokartbane utanfor fornøyelsesparkar samanlikna med talet på hendingar per innretning i anna tivoliverksemd.

I dei fleste park- og tivoliinnretningar sit ein fastspent utan moglegheiter til å styre fart og akselerasjon sjølv, men med gokartkøyring kan føraren sjølv auke eller redusere risikoen.

– Nokre gokartbaner har tidtaking på kvar runde, noko som legg opp til konkurranse mellom førarane. Det kan vere lett å bli rive med på grunn av konkurranseelementet, og dermed ikkje klare å vurdere fart og avstand godt nok, seier Skogset.

Tilsynet vil be gokartbaner om å skjerpe tryggleiken, særleg når det gjeld opplæringa til verksemdene av førarar før køyring startar. Personell på gokartbaner bør også stanse førarar på eit tidleg tidspunkt – dersom førarar ikkje følgjer instruksar.

Vassrutsjebaner

36 prosent av dei 226 innrapporterte uønskte hendingane i 2013 er relatert til vassrutsjebaner, og då ofte beskrivne som smertar, medvitstap, ørske, kuttskadar, forstuingar og tannskadar.

Gjesten kan påverke fart og akselerasjon også i ei vassklie. Nokre vassrutsjebaner har tidtaking, noko som legg til eit konkurranseelement.

– I tilsyna våre med gokartbaner og vassrutsjebaner vil vi leggje vekt på at verksemdene har tilstrekkeleg personell, og at dei er plasserte på ein formålstenleg måte. Vaktene må kunne gripe inn rask, og eigar må ha sørgt for at vaktene kan utføre fyrstehjelp og livredning, seier Skogset.

Les heile sikkerheitsrapporten for park og tivoli 2013.