Kollisjonar i zipliner

Vi har fått inn fleire rapportar om at personer kolliderer i zipliner.

Publisert: 29.08.2022 – Endret: 29.08.2022

Ein zipline i en høgdepark kan potensielt føre til stor skade på brukarane dersom sikkerhetsrutiner ikkje blir fulgt. Vi har fått rapportar om uønskte hendingar som kunne fått langt meir alvorlige konsekvensar.

Mellom anna veit vi at personar som ikkje kjem seg heilt over til plattformen på den andre sida, har prøvd å dra seg over med fingrane på vaieren. Om det då kjem ein anna person og støter borti, kan fingrane skadast stygt.

Kollisjon mellom personer av svært ulik høgde og vekt kan også få alvorlege følgjer, sjølv i relativt lita fart.

For å gjere risikoen for kollisjonar mindre er det viktig at det er nok og godt opplært personell i høydeparken. Brukarane må også få god opplæring og instruksjon.

Verksemdene må ha med kollisjonar som eit punkt i risikovurderinga, og syte for at gode rutiner blir ein del av tryggleiksstyringa i høgdeparken.

Les også meir om andre risikoar i zipliner enn moglege kollisjonar.