Årsgebyr 2021
Fornøyelsesinnretning | Pris |
Gebyrklasse 1, liten innretning | 3.240,- |
Gebyrklasse 2, medium innretning | 6.460,- |
Gebyrklasse 3, stor innretning | 14.620,- |
Gebyrklasse 4, ekstra stor innretning | 19.280,- |
Dei som har driftsløyve per 1. januar skal betale for inneverande år. Dermed blir fristen for å levere inn driftsløyve 31. desember. Lever gjerne inn driftsløyva så snart det er avklart at innretninga ikkje skal brukast det komande året. Då kan vi oppdatere registera våre i god tid.
Dersom du leverer inn driftsløyva så må du søkje på nytt dersom du vil ta den i bruk igjen seinare. Ein søknad fører med seg søknadsgebyr.