Evakuering:
Verksemda bør
- vurdere vanlege rutinar ved evakuering, og finne den beste måten å gjere det på med omsyn til området/underlaget hoppeslottet står på
- ha rutinar og beskrivingar av omsyn knytt til uventa deflasjon (punktering/ruptur)
- ha vurderingar av om omgivnadene kan påverke evakueringa
- ha personell med spesifikke oppgåver knytt til evakuering
- ha kommunikasjonsverktøy for bruk under evakuering (signal, tale, skilt)
Underlag:
- Krav til forhold som helling i bakke, topografi og overflatetype.
- Krav til omgivnader som til dømes utandørs farar som veg, klippar, vatn, tre, luftleidningar, og nedgravne ting i bakken (ved forankring av hoppeslottet), overliggjande klaringar og sperring av rundt hoppeslottet for uheldig ferdsel.
- Plassering av utstyr som til dømes viftar, leidningar, kablar, etc.
Vêrforhold:
- Krav til driftsavgrensingar knytte til vind.
- Krav til driftsavgrensingar knytt til lyn, torevêr, regn og andre farlege vêrforhold.
Montering:
- Følgje anvisingar frå leverandør knytt til underlag dersom dette ligg føre. (Ikkje på grus, skarpe steinar, reint overflate, etc.)
- Plassering av vifter for å sikre at dei står fritt og trygt (til dømes tørt). Innsuget skal ha fri tilgang til rein luft som ikkje er kontaminert av for eksempel støv, smuss, farleg gass, etc.
- Sikre at forankringa er i samsvar med anvisingane til leverandøren.
- Rutinar for plassering av barrikadar/sperrer for å sikre at personar ikkje forvillar seg inn på lukka område.
- Beskyttelse i tilfelle personar fell av eller ut av innretningane.
Kontroll/inspeksjon:
Før opning:
- Gjer ein visuell inspeksjon for å sikre at det ikkje er skade/rifter i innretninga.
- Dersom to delar er kopla saman med til dømes borrelås, skal verksemda sjå til at innretningane er festa rett og at det er ein jamn saumlaus overgang (hugs fasthekting).
- Nytt rett vifte med fri tilgang til luft (plassering av vifta).
- Sjå til at vifta er OK, sett rett veg og beskytta for å sikre tilgang på luft.
- Dersom deflasjonsvarslingssystemet finst, skal det vere riktig installert og fungere.
- Ha en funksjonstest av eventuelt varslingsutstyr som blir nytta i samband med evakuering.
- Gjer ein visuell inspeksjon av dei elektriske koplingane (ingen øydelagde leidningar, isoleringa til kabelen er intakt, kontaktar/koplingar er ikkje øydelagde).
- Gjer ein visuell inspeksjon av forankringa for å sikre at innretninga er festet i samsvar med anvisingane til leverandøren.
- Alle tau/kablar og innfestningar skal vere riktig festa til innretninga og i bakken (rett knute, rett innfesta).
- Alle tau/kablar skal vere fest i innretninga mot forankringspunkt i bakke. Dei skal vere intakte og ikkje slitne/degraderte.
- Gjer ein visuell inspeksjon av inngangane, utgangane, trappene og underlaget ved utgang/inngang til innretninga.
- Sjå til at støytdempingsmaterialet er riktig plassert på alle landingsflater og flatar som blir nytta utanfor innretninga, til dømes påstigning/avstiging.
- Gjer ein visuell inspeksjon av området rundt for å sjå om det ikkje er risiko for uønskte hendingar (tre, lause gjenstandar, overhenga objekt som kan falle ned).
- Kontroller at barrikadar/sperringar er sette rett og fungerer etter hensikta.