Formål og rolle

Statens jernbanetilsyn er utøvande kontroll- og tilsynsmakt for jernbane, taubane og innretningar for park og tivoli.

Tilsynet skal arbeide for at verksemda på jernbane og med taubane og innretningar for park og tivoli blir utøvd på ein sikker og formålstenleg måte, til beste for dei reisande, personalet ved banen og publikum generelt.

Tilsynet skal føre tilsyn med at utøvarane av verksemda oppfyller dei vilkåra og krava som er setje til verksemda i samsvar med lovgjevinga.

I tillegg skal tilsynet overvakte marknaden for jernbane for å sikra konkurranse på like vilkår og sjå til at rettane til passasjerane blir ivaretekne.

Tilsynet har òg ansvar for å:

  • utarbeide forskrifter
  • gje løyve til å drive verksemd på jernbane og med taubane og innretningar på park og tivoli
  • gje løyve til å ta i bruk rullande materiell og infrastruktur.

Oppgåvene til tilsynet omfattar ikkje myndigheitsområde som høyrer inn under andre offentlege kontroll- og tilsynsorgan, til dømes politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap eller Arbeidstilsynet.

Den enkelte verksemda (den som driv køyreveg, trafikkstyring eller trafikkverksemd) har eit sjølvstendig ansvar for at verksemda som blir utøvde følgjer lover og forskrifter og at verksemda blir utøvde med tilfredsstillande tryggleik.

Verksemdene må òg kunne dokumentere at tryggleiken blir overhalden og i tillegg planleggje og setje i verk nødvendige tiltak, både tekniske og organisatoriske, for å betre tryggleiken når han ikkje er tilfredsstillande.