Statens jernbanetilsyn er omorganisert

Tilsynet er no organisert i avdelingar med utgangspunkt i oppgåvene vi løyser, for eksempel å gi driftsløyve og utføre tilsyn.

Publisert: 08.01.2019   Endret: 08.01.2019

SJT består frå 1. januar 2019 av fem avdelingar, med tilsette både i Oslo og Trondheim:

  • Regelverk og internasjonalt arbeid
  • Løyve
  • Tilsyn
  • Marknadsovervaking
  • Styring og fellestenester

Tidlegare var tilsynet blant anna organisert geografisk basert på om avdelinga arbeidt med tog (Oslo), taubaner eller fornøyelsesinnretningar (Trondheim).

Omorganiseringa frå 1. januar 2019 skal styrkje tilsynet si oppgåveløysing på alle område, inkludert å gi marknadsovervaking på jarnbanesektoren ei meir sjølvstendig rolle innan tilsynet. Oppgåvene skal utførast uavhengig av om SJT sine tilsette er i Oslo eller Trondheim.

– Den interne organiseringa er tilpassa endra rammevilkår og for å kunne innfri måla våre. Statens jernbanetilsyn skal vere relevant, effektivt og legitimt. Vi skal ha ei tydeleg rolle for norsk samfunnssikkerheit på områda våre, seier direktør Erik Ø. Reiersøl-Johnsen.