Ordning med driftsleiarar blir vurdert

Statens jernbanetilsyn vurderer ordninga med driftsleiar for høvesvis taubaner og fornøyelsesinnretningar.

Publisert: 09.09.2019   Endret: 09.09.2019

Statens jernbanetilsyn (SJT) skal sjå på alle sider av ordningane. Blant anna skal SJT vurdere om det framleis bør vere krav om sertifisering av driftsleiarar for taubaner og eventuelt korleis ei framtidig sertifiseringsordning best kan innrettast.

Tilsvarande vil SJT vurdere ordninga med driftsleiarar for fornøyelsesinnretningar. SJT vil blant anna sjå nærmare på om ordninga bør vidareførast i si noverande form, eller vidareutviklast med krav om sertifisering og harmoniserast med ordninga for taubaner.

Kontakt med bransjane i haust

SJT vil i haust kontakte bransjeorganisasjonane for å samle synspunkt og hauste erfaringar med dagens ordningar.

Vurderinga vil inngå i evalueringa av regelverket for taubaner og regelverket for fornøyelsesinnretningar. Evalueringa skal vere ferdigstilt 1. juli 2020.

Spørsmål om denne saka kan sendast til: post@sjt.no. Skriv «Driftsleiarvurdering» i emnefeltet.