Passasjerrettar – jernbane

Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med om persontransportselskapa (NSB og Flytoget) varetek jernbanepassasjerrettsforskrifta .

Publisert: 29.08.2016   Endret: 14.12.2016

Passasjerer på Oslo S. Foto: Rune FossumForskrifta inneheld detaljerte føresegn om mellom anna:

  • informasjon til passasjerar
  • kjøp av billettar
  • vederlag ved seinkingar
  • assistanse for funksjonshemma og rørslehemma
  • standardar for kvalitet
  • krav om at togselskapa skal ha ein klageordning

To klagenemnder

Statens jernbanetilsyn er ikkje lenger klageinstans for klager frå jernbanepassasjerar. Desse klagane skal verta retta til Transportklagenemnda.

Nemnda har tre klagenemnder:

  • ein for klager som gjeld jernbaneverksemder på det nasjonale jernbanenettet, kommersielle bussruter og kollektivreiser med trikk, buss, T-bane og bybane
  • ein for pakkereiser
  • ein for flypassasjerklager.

Passasjeren må fyrst ha teke opp førehaldet med transportselskapet (NSB AS eller Flytoget AS) før ein mogeleg (eventuell) klage til nemnda.

Klager kan verta sendt til:

Transportklagenemnda
v/ Norsk Reiselivsforum
Postboks 2924 Solli
0230 Oslo
Tlf. 22 54 60 00 måndag –torsdag 10-14.