Risikobiletet for jernbanen, trikken og t-banen

I perioden 2000 – 2011 har det vore ein nedgang i talet på omkomne reisande. Åsta-ulukka førde til mange omkomne. Frå 2000 og 2011 er det i snitt 1,67 reisande som er omkomne. Det er ingen reisande som er omkomne dei siste åtte åra. 

Talet på omkomne inkluderer planovergangsulukker og påkøyrslar. Frå 2000 – 2011 er det totalt 6 tilsette som er omkomne i jernbaneulukker. I same periode er det i snitt 4,82 tredjepersonar som er omkomne, derav 3 tredjepersonar i Sjursøyaulukka i 2010.

Tabell over talet på omkomne dei siste åra

Store jernbaneulukker dei siste åra 

16.6.11: Toget med 257 passasjerar frå Bergen køyrde inn i ein brennande tunnel ved Hallingskeid stasjon. Ingen blei drepne eller alvorleg skadde.

1.10.10 Eit persontog frå Oslo til Stockholm. Under køyring gjennom spor 1 på Skotterud stasjon, Kongsvingerbanen, spora første hjulgang på bakre boggi på første vogn av. Toget heldt ein fart på 95 km/t då det spora av. Vogna drog ut mot høgre side i bakkant og slo inn i delar av plattforma, trefte ein relékiosk og knuste denne, reiv ned delar av bomanlegget på eit vegsikringsanlegg og knakk ei mast til kontaktleidningsanlegget. Vogna hoppa opp i bakkant og mista ein boggi då ho trefte planovergangen i enden av stasjonen. Vogna brakk deretter ut og velta. 36 menneske blei skadde, men ingen alvorleg.

24.03.2010 16 containergodsvogner frå CargoNet, utan last, kom i rørsle på Alnabru onsdag 24. mars ved 13-tida. Vognene rulla i retning mot Sjursøya, på eit eige godsspor. Nokre vogner spora av og nokre fortsette ut i sjøen. På sin veg mot sjøen gjekk nokre av vognene gjennom ein lagerbygning. 3 menneske mista livet, og minst 4 blei skadde.

21.02.2007 Eit persontog med 130 passasjerar og 4 tilsette køyrde inn i eit snøskred ved Storekleven, aust for Myrdal stasjon på Bergensbanen. Toget køyrde ut mellom to kontaktleidningsmaster utan å skade desse. Toget havna utanfor spora med dei to fremste vognene. Ingen blei drepne eller alvorleg skadde.

17.02.2003 Kollisjon mellom ein tankbil og eit skiftelokomotiv i rundkøyringa på Sjursøya. Tankbilen med 40 000 liter bensin/diesel sto i brann. Ingen blei drepne eller alvorleg skadde.

05.04.2000 Godstog køyrde inn i eit anna stilleståande godstog på Lillestrøm. To av vognene var lasta med propan. Det vart slått hol i den eine behaldaren, og ein voldsom brann oppstod. Lillestrøm stasjon og området rundt vart evakuert i fleire dagar på grunn av eksplosjonsfaren.

05.02.2000 Planovergangsulukke mellom Helleland og Egersund. 4 personar omkom.

04.01.2000 Kollisjon mellom to persontog ved Åsta, mellom Rustad og Rena stasjon. 16 reisande og 3 tilsette i teneste omkom.

17.12.1998 Persontog spora av etter at underbygningen rasa ut på Nordlandsbanen, mellom Trofors og Kvalfors. 9 reisande vart alvorleg skadde, medan 35 vart lettare skadde.

19.09.1998 Planovergangsulukke på Gol stasjon. 5 personar omkom.