Statens jernbanetilsyn blei oppretta den 1.oktober 1996 og er ein sjølvstendig etat underlagt Samferdselsdepartementet. Aktivitetane til tilsynet blir finansierte over det ordinære statsbudsjettet. Tilsynet har om lag 50 tilsette med variert bakgrunn frå privat og offentleg sektor.
Kvifor eit jernbanetilsyn i Noreg?
Utviklinga av jernbanesektoren i Norden og Europa har gått i retning av å skilje forvaltinga av infrastrukturen frå trafikkverksemda. Formålet er at ein med dette legg betre til rette for at fleire trafikkselskap, både offentlege og private, kan trafikkere jernbanenettet.
Statens jernbanetilsyn blei oppretta fordi ein ønskte å ha eit sjølvstendig statleg organ med ansvar for å føre tilsyn med dei ulike jernbane- og sporvegsaktørane, uavhengig av om verksemda går føre seg i offentleg eller privat regi.