Det nasjonale køyretøyregisteret skal innehalde opplysningar om rullande materiell som er tillate brukt på den norske delen av det transeuropeiske jernbanenettet. Person- og godsvogner skal likevel berre registrerast i den EØS-staten der dei først blei tekne i bruk. Dette inneber m.a. at vogner som blir registrerte i det svenske køyretøyregister til Transportstyrelsen ikkje skal registrerast i det norske registeret. Andre køyretøy skal registrerast i alle EØS-statar der dei er tillatne brukt.
Omgrepet køyretøy er definert samtrafikkforskriften § 4 første ledd bokstav c: «kjøretøy: et jernbanekjøretøy som kjører på egne hjul på jernbanelinjer, med eller uten egen trekkraft. Et kjøretøy er sammensatt av et eller flere strukturelle og funksjonelle delsystemer eller deler av slike delsystemer». Materiell som er kopla saman på ein så varig måte at ein må rekne med at fråkopling berre skjer i verkstad, blir i Noreg rekna som eitt køyretøy. Dette inneber at eit motorvognsett er å sjå på som eitt køyretøy. Det same gjeld for to godsvogner som er kopla saman slik at ein må rekne med at fråkopling berre skjer i verkstad.
For kvart enkelt køyretøy skal desse opplysningane registrerast:
- Europeiske køyretøynummer (European vehicle number, EVN)
- EØS-stat og nasjonal tryggleiksmyndigheit der køyretøyet er godkjent
- Produksjonsår
- Tilvising til EF-verifiseringserklæring
- Tilvising til register over rullande materiell (RRS)
- Restriksjonar
- Eigar
- Innehavar (engelsk: keeper)
- Eining med ansvar for vedlikehald
- Tilbakekalling
- Alle EØS-statar der køyretøyet er godkjent
- Godkjenningsnummer
- Løyve til å ta i bruk