Ved første gongs registrering av køyretøy tildeler Statens jernbanetilsyn køyretøyet eit europeisk køyretøynummer (EVN), jf. punkt 3.2.2 fyrste ledd i vedlegget til vedtak 2007/756/EF.
Reglane for utforming av EVN finst i vedlegg P til vedtak 2006/920/EF av 11. august 2006 om den tekniske spesifikasjonen for samtrafikkevne som gjeld for delsystemet «drift og trafikkstyring» i det transeuropeiske jernbanesystemet for konvensjonelle tog (TSI OPE). TSI OPE er tilgjengeleg i norsk og engelsk versjon som vedlegg til forskrift 25. april 2008 nr. 412. Utfyllande nasjonale føresegner for tildeling av EVN på punkt der det i TSI OPE er forutsett at slike blir fastlagde, finst i dokumentet «Kriterier for tildeling av kjøretøynummer og litra».
Materiellet skal fysisk merkast med EVN. Det er ikkje naudsynt å påføre EVN på museumsmateriell som berre er tillate brukt innanlands dersom slik merking er uønskt av museale omsyn.