Tildelingsbrev 2009
Tildelingsbrev for 2009 frå Samferdselsdepartementet til Statens jernbanetilsyn.
Det kongelege samferdselsdepartement
Statens jernbanetilsyn
Wergelandsveien 3
0167 Oslo
Vår ref: 08/199 KJ, 19.12.2008
Statsbudsjettet 2009 - Tildelingsbrev
DEL 1
1. OVERORDNA MÅL FOR STATENS JERNBANETILSYN
Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsynet med norsk jernbane, og skal vere ein aktiv pådrivar for sikker og samfunnsnyttig jernbane i tråd med overordna målsettingar for samferdselspolitikken.
2. HOVUDMÅL FOR STATENS JERNBANETILSYN
Statens jernbanetilsyn er Samferdselsdepartementets fagorgan og sakkunnig for kontroll og tilsyn med jernbaneverksemdene, under dette tunnelbaner, sporvegar og forstadsbaner. Statens jernbanetilsyn skal føre tilsyn med at utøvarar av jernbaneverksemd oppfyller dei krava som er sette i eller i medhald av jernbanelova med tilhøyrande forskrifter. Statens jernbanetilsyn skal sjå til at omsynet til ei sikker og hensiktsmessig trafikkavvikling blir ivareteke med omsyn til miljøet, dei reisande, personellet og tredjeperson. Statens jernbanetilsyn skal
sjå til at tilsynet sine oppgåver og mål blir følgde opp på ein effektiv og teneleg måte innafor vedtekne løyvingar for 2009 på kap. 1354 Statens jernbanetilsyn, post 01 Driftsutgifter.
Departementet legg opp til at hovudmåla for Statens jernbanetilsyn ikkje skal variere særleg mykje over tid. For 2009 fastset Samferdselsdepartementet følgjande hovudmål for Statens jernbanetilsyn.
Hovudmål 1
Statens jernbanetilsyn skal sjå til at regelverket er teneleg med omsyn til formålet og at det er fullstendig, oversiktleg og oppdatert.
Hovudmål 2
Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene som er regulerte i samsvar med
jernbanelovgivinga, oppfyller dei vilkåra og krav som er sette til desse i lovgivinga.
Hovudmål 3
Statens jernbanetilsyn skal forvalte sine oppgåver som gjeld godkjenningar, lisensar,marknadsovervaking, tillatingar m.v. på ein effektiv og hensiktsmessig måte som er teneleg for tryggleiken på jernbana og for samfunnet.
Hovudmål 4
Statens jernbanetilsyn skal aktivt drive informasjonsarbeid overfor verksemdene på
jernbaneområdet og samfunnet elles.
Hovudmål 5
Statens jernbanetilsyn skal, i samråd med Samferdselsdepartementet, delta aktivt i internasjonale fora som arbeider med tryggleiks- og harmonisering/
standardiseringsspørsmål innafor jernbanesektoren med særleg verknad for norsk jernbane.
Hovudmål 6
Statens jernbanetilsyn skal i kraft av sin fagkompetanse og gjennom effektive interne rutinaropptre som sakkunnig innanfor dei ansvarsområda i jernbanesektoren som er lagde til Jernbanetilsynet.
DEL Il
3. BUDSJETT FOR 2009
Stortinget vedtok Il. desember 2008 statsbudsjettet for 2009, medrekna løyvingane til Statens jernbanetilsyn, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2008-2009).
| post | i 1000 kr |
|---|---|
| 01 Driftsutgifter | 37 300 |
| Sum kap. 1354 Statens jernbanetilsyn | 37 300 |
Statens jernbanetilsyn har ansvaret for å sjå til at lønsutgiftene i 2009 ikkje blir høgare enn at framtidige lønnsutgifter kan dekkjast innafor uendra løyvingsnivå for seinare år.
4. MÅL OG RESULTATKRAV
Vi viser tilomtala under kap. 1354 i St.prp. nr. l (2008-2009), jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2008-2009) og Stortingets handsaming av budsjettet.
Statens jernbanetilsyn sine hovudoppgåver i 2009 er nærmare omtala i St.prp. nr. l (2008-2009) og i instruks for Statens jernbanetilsyn, fastsett ved Kronprinsregentens resolusjon 1. august 2003. Samferdselsdepartementet føresett at tilsynet i 2009 følgjer opp dei oppgåver som er omtalt ovanfor, ikkje minst i samsvar med instruksen for tilsynet og oppgåver som er lagde til tilsynet sitt ansvarsområde i medhald av jernbanelovgivinga. I samband med tilsynsarbeidet legg departementet til grunn at Jernbanetilsynet har ein god og konstruktiv dialog med jernbaneverksemder som er underlagt tilsyn. Samferdselsdepartementet vil
framheve at jernbanetilsynet har ei rettleiingsplikt i forhold til desse verksemdene og at det er viktig at tilsynet i dialogen med desse, er særs klar og tydeleg på dei krava som gjeld for gjennomføringa av dei ulike tilsynsprosessane. Det er og viktig at Statens jernbanetilsyn er føreseieleg i sin informasjon om og ved gjennomføring av den sakshandsaming som er relevant for verksemdene. Vi vil dessutan vise til at tilsynet har eit ansvar for å gi råd om korleis Samferdselsdepartementet som har det overordna ansvaret, bør ta initiativ for å betre tryggleiken innan jernbanesektoren.
Samferdselsdepartementet legg vekt på at Statens jernbanetilsyn driv verksemda si kostnadseffektivt. Departementet vil i den vidare etatsstyringsdialogen med Jernbanetilsynet drøfte nærmare ei vidare utvikling av mål- og resultatstyringssystemet for verksemda, inklusiv utforming og fastsetting av konkrete delmål med forankring i dei hovudmåla som er fastsette i pkt. 2 i dette brevet. For å sikre ei effektiv drift av verksemda ber departementet tilsynet om å prioritere ei vidareutvikling av administrative rutinar og prosedyrar. Ved framlegg om nødvendige budsjettendringar i løpet av året, ber vi om at Statens jernbanetilsyn gjer greie for korleis endringane vil virke inn på dei måla som gjeld for verksemda , jf. pkt. 2 i del 1. Samtidig understrekar departementet at det er viktig at Statens jernbanetilsyn legg opp til eit aktivitetsnivå som held seg innafor vedteken løyving for 2009 og at tilsynet derfor set av nødvendig reserve til å møte uventa hendingar som kan/vil ha konsekvensar for løyvinga for 2009.
Samferdselsdepartementet ber Jernbanetilsynet om å prioritere arbeidet med søknader om løyve til å drive jernbaneverksemd med tilhøyrande søknader om godkjenningar/løyver til å ta i bruk nytt materiell og ny køyreveg, revisjonsarbeid, arbeidet med oppfølging av ulykker/nestenulykker, internasjonalt samarbeid og arbeidet med å etablere ein marknadsovervakingsfunksjon. Jernbanetilsynet skal i løpet av 2009 byggje opp kompetanse og utarbeide planar for å ivareta rolla si som marknadsovervakar innanfor jernbanemarknaden, inklusiv å knytte naudsynte kontaktar med mellom anna Konkurransetilsynet og andre europeiske
marknadsovervakingsorgan.
Innafor ramma av dei føringar som går fram av budsjettproposisjonen for 2009 og Stortingets handsaming av denne, ber Samferdselsdepartementet om at Statens jernbanetilsyn ved disponering av løyvinga, t.d. ved inngåing av avtaler, avgrensar framtidige budsjettmessige bindingar mest mogeleg.
5. RISIKOVURDERING AV MÅL. OG RESULTATSTYRING
Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsipp i statleg forvaltning. Vilkåret for ei god mål- og resultatstyring er at leiinga i verksemda kjenner til og aktivt handterer dei utfordringane eller den uvissa som kan påverke måloppnåinga negativt. Økonomiregelverket inneheld gjennomgåande krav om at all styring, oppfølging, kontroll og forvaltning i staten skal tilpassast verksemda sine særdrag og relevans. I tillegg inneheld krava om intern kontroll i økonomiregelverket også krav til risikostyring. Leiinga i Statens jernbanetilsyn skal sørgje for at det finst ei forsvarleg risikostyring og intern kontroll i verksemda, og sjå til at dette fungerer på ein tilfredsstillande måte. Med risiko meiner ein her at situasjonar eller hendingar kan skje og påverke oppnåinga av fastsette målsetjingar negativt. Risiko kan vurderast ut frå sjansen for at dette skjer, og kva slags konsekvensar dette vil ha dersom det skjer. Resultatet av desse vurderingane viser kor høg den einskilde risikoen er. Dette skal danne grunnlaget for å vurdere kva for risikoar som er
vesentlege når det gjeld å påverke oppnåinga av målsettingar på ulike nivå negativt og som det difor må leggjast vekt på i det vidare arbeidet med risikostyringa.
Samferdselsdepartementet ber om at Jernbanetilsynet seinast i samband med den første tertialrapporteringa i 2009 gjer greie for dei viktigaste risikoområda som tilsynet har identifisert med omsyn til å nå fastsette mål for 2009. Tilbakemeldinga skal omfatte ei vurdering av kva slag risiko som er knytt til arbeidet med å nå dei ulike måla, kva slags konsekvensar dei ulike risikoane har, og kva slag tiltak som kan gjerast for å handtere risikoane. Samferdselsdepartementet reknar med at det kan vere teneleg å skilje mellom risiko som tilsynet direkte eller indirekte kan gjera noko med, og risiko som tilsynet ikkje har kontroll over. Vi viser i denne samanhengen til metodedokumentet «Risikostyring i staten- Håndtering
av risiko i mål- og resultatstyringen» frå Senter for statleg økonomistyring.
6. RAPPORTERING
Jernbanetilsynet skal fortløpande gjennom året, på eige initiativ og på forespurnad, informere departementet om viktige saker, problemstillinger og opplysninger som gjeld forhold som kan vere relevant for departementet sitt arbeid på tilsynet sitt arbeidsområde. I hovudinstruks for Økonomiforvaltninga for leiinga i Statens jernbanetilsyn blir det sett krav til leiinga om rapportering om verksemda. Så snart som mogleg etter tertialskiftet, skal Jernbanetilsynet sende tertialrapport til departementet. Tertialrapporten skal innehalde ei forklaring om bruken av løyvinga etter kontantprinsippet og prognose for forbruket ut året samanlikna med vedteken løyving for 2009.
Års- og tertialrapporteringa bør utviklast med større merksemd på oppfølginga av meir overordna sakar, oppfølginga av målkrava som er fastsette i tildelingsbrevet og dei risikoområda som tilsynet har identifisert i oppfølginga av pkt. 5 i dette tildelingsbrevet. Med desse tilpassingane ber departementet om at Jernbanetilsynet i tertialrapporteringa for 2009 i hovudsak vidarefører etablert praksis for denne rapporteringa, med særleg vekt på rapportering om status i viktige saker innafor mellom anna regelverksarbeid/-utvikling, tildeling av løyve til jernbaneverksemder, godkjenningar, revisjonar, marknadsovervaking og
enkelthendingar. Departementet ber også Jernbanetilsynet i års- og tertialrapporteringa gjere greie for oppfølginga av tilrådingane frå Statens havarikommisjon for transport, mellom anna status for oppfølginga av dei einskilde tilrådingane, ikkje minst korleis tilrådingane blir lukka.
Statens jernbanetilsyn skal informere departementet om vesentlege avvik frå fastsette mål, vedtekne planar og tildelingsbrevet med ein gong verksemda blir kjent med dette og samtidig foreslå moglege korrigerande tiltak.
Statens jernbanetilsyn skal årleg i forklaringane til statsrekneskapen m.a. gjere greie for vesentlege avvik mellom løyving og endeleg rekneskap. Fristen for denne rapporteringa blir fastsett på grunnlag av rundskrivet frå Finansdepartementet om årsavslutting av statsrekneskapen som blir meddelt i eige brev frå Samferdselsdepartementet.
Statens jernbanetilsyn skal årleg utarbeide ein særskild årsrapport til departementet. På grunnlag av rundskrivet frå Finansdepartementet fastset Samferdselsdepartementet frist for å sende årsrapporten til departementet. Fristen vil bli meddelt i eige brev til tilsynet. Rapporten skal innehalde:
- Rekneskapstal i samsvar med godkjend rapportering til den sentrale statsrekneskapen.
- Forklaring på avvik i forhold til tildelt løyving.
- Rapportering om resultat i samsvar med krav som er fastsette i tildelingsbrevet for 2009.
- Utgreiing om måloppnåing og om utvikling i strategiske utfordringar som er omtala i tildelingsbrevet for 2009.
Om Jernbanetilsynet ønskjer det, kan tilsynet i tillegg til årsrapporten, utarbeide ei årsmelding som inneheld fleire og andre saker enn dei som er nemnde her.
Årsrapporten og tertialrapportane vil bli gjennomgått på etatsmøta med departementet.
7. DELEGERING AV FULLMAKTER
Fullmakter frå andre departement
I St.prp. nr. l (2008-2009) Statsbudsjettet 2009 (Gul Bok 2009), s. 202, under
romartalsvedtak for Fornyings- og administrasjonsdepartementet står denne fullmakta: «Stortinget samtykker i at det enkelte departement som ledd i ordningen med bonus og rabatter, i 2009 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på vedkommende utgiftspost, tilbakebetalt bonus og rabatt, også om tilbakebetalingen refererer seg til kjøp i tidligere år.»
Samferdselsdepartementet delegerer med dette denne fullmakta til Statens jernbanetilsyn.
Fullmakter etter løyvingsreglementet
Finansdepartementet delegerte i rundskriv R-l1012005 av 5. desember 2005 nokre fullmakter etter løyvingsreglementet til departementa. Desse fullmaktene kan departementet delegere vidare til underliggjande etatar. For Statens jernbanetilsyn er følgjande fullmakt relevant:
Fullmakt til å inngå leigeavtaler og avtaler om tenester ut over budsjettåret
Samferdselsdepartementet delegerer med dette til Statens jernbanetilsyn fullmakt til å inngå leigeavtaler og avtaler om kjøp av tenester ut over 2009. Leigeavtalene og avtalene om kjøp av tenester gjeld kjøp til den ordinære drifta av verksemda, t.d. leige av lokale og kontorutstyr og kjøp av reinhalds- og vaktmeistertenester. Tilsynet må kunne dekkje inn utgiftene til slike avtaler innafor eit uendra løyvingsnivå på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter, i heile avtaleperioden. For alle avtaler ut over budsjettåret må Statens jernbanetilsyn nøye vurdere behovet for oppseiingsklausular. Ved vurderinga skal omsynet til den framtidige handlefridomen vege tungt. Dette gjeld særleg avtaler som gjeld for fleire år.
Dersom fullmakta ikkje blir nytta etter føresetnadene, kan Samferdselsdepartementet trekkje den tilbake. I forklaringane til statsrekneskapen må Statens jernbanetilsyn gjere greie for at dei disposisjonane som er gjorde innafor fullmakta.
8. ANDRE KRAV
Dei siste åra har talet på fellesføringar i tildelingsbrevet auka sterkt og utgjorde ein nokså stor del av brevet. Finansdepartementet har derfor i rundskriv R-113/2008 av 4. november 2008 presisert dei krava som bestemmingar om økonomistyring i staten set til innhaldet i tildelingsbrevet og legg til grunn at departementa som hovudregel ikkje innarbeider allmenne fellesføringar av tverrgåande formål eller politikkområde i tildelingsbrevet. I tildelingsbrevet for 2009 er det ikkje lagt inn slike fellesføringar. Departementet vil likevel understreke at krav som er fastsette i lov, som t.d. aktivitetsplikta i § 1a i likestillingslova, framleis må etterlevast.
9. AVSLUTTING
Departementet legg opp til å halde tre etatsmøte med Jernbanetilsynet i 2009. Tidspunkt for etatsmøte nr. 1/2009 er sett til 29. januar 2009 kl 1300-1400. Departementet vil på vanleg måte sende innkalling til etatsmøta.
I samsvar med § 7 i Reglement for økonomistyring i staten, stiller Samferdselsdepartementet løyvinga på kap. 1354 til disposisjon for Statens jernbanetilsyn i 2009. Løyvinga skal nyttast i samsvar med dei styringssignala som er gitte i St.prp. nr. 1 (2008-2009), ved Stortingets
handsaming av statsbudsjettet for 2009, i dette tildelingsbrevet og i etatsstyringsmøta med departementet.
Med helsing
Liv Signe Navarsete
Knut Rønning
Kopi til: Riksrevisjonen
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


