Tildelingsbrev 2008

Tildelingsbrev for 2008 frå Samferdselsdepartementet til Statens jernbanetilsyn

Det kongelege samferdselsdepartement

Statens jernbanetilsyn
Wergelandsveien 3
0167 Oslo

Dykkar ref:
Vår ref: 07/1487- KJ
Dato: 18.12.2007

Statsbudsjettet 2008 – Tildelingsbrev

Del I

1. Overordna mål for Statens jernbanetilsyn

Statens jernbanetilsyn er Samferdselsdepartementets fagorgan for kontroll og tilsyn med jernbaneverksemdene, under dette tunnelbaner, sporvegar og forstadsbaner. Statens jernbanetilsyn skal føre tilsyn med at utøvarar av jernbaneverksemd oppfyller dei krav som er sette i eller i medhald av jernbanelova med tilhøyrande forskrifter. Statens jernbanetilsyn skal sjå til at omsynet til ein sikker og hensiktsmessig trafikkavvikling vert ivareteke i forhold til dei reisande, personellet og tredjeperson.

2. Hovudmål for Statens jernbanetilsyn

Hovudmåla for transportpolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 24 (2003–2004) Nasjonal transportplan 2006–2015, jf. Innst. S. nr. 240 (2003–2004), og er saman med regjeringserklæringa frå Soria Moria, grunnlaget for prioriteringane i løyvinga for 2008. I tråd med Soria Moria-erklæringa har regjeringa i 2008-budsjettet følgt opp planramma i samsvar med Stortingets handsaming av NTP 2006–2015. I Soria Moria-erklæringa heiter det mellom anna at «Regjeringen vil legge prinsippet om samfunnsmessig likestilling og universell utforming til grunn i sitt arbeid». Statens jernbanetilsyn må merke seg dette.

Statens jernbanetilsyn har m.a. som formål å ivareta og føre tilsyn med samfunnet sine interesser i tilknyting til tryggleiksspørsmål mv. ved anlegg og drift av offentlege og private jernbaner, under dette sporveg, tunnelbaner og forstadsbaner; til beste for dei reisande og til personell som er knytt til dei enkelte baner. Statens jernbanetilsyn skal etter delegert myndigheit frå Samferdselsdepartementet, behandle søknader om løyve til å drive jernbaneverksemd mv.

Del II

1. Budsjett for 2008

Stortinget vedtok 6. desember 2007 statsbudsjettet for 2008, medrekna løyvingane til Statens jernbanetilsyn, jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2007–2008).

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn
post i 1000 kr
01 Driftsutgifter 35 600
Sum kap. 1354 Statens jernbanetilsyn 35 600

Samferdselsdepartementet vil understreke at Jernbanetilsynet har ansvar for at det ikkje vert oppretta fleire faste stillingar enn at framtidige lønnsutgifter kan dekkjast innafor ei realistisk forventing om løyvingar for seinare år.

2. Mål og resultatkrav

Vi viser til omtala i St.prp. nr. 1 (2007–2008), jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 (2007–2008) og St.meld. 24 (2003–2004) om Nasjonal transportplan 2006–2015. l omtala av dei ulike hovudmåla vil departementet særleg trekkje fram forhold som gjeld budsjettet for 2008. Dette må også sjåast i samanheng med omtala under kap. 1354 Statens jernbanetilsyn i St.prp. nr. 1 (2007-2008) og Stortingets handsaming av denne.

Statens jernbanetilsyns hovudoppgåver i 2008 er nærare omtala i St.prp. nr. 1 (2007–2008) og i instruks for Statens jernbanetilsyn, fastsett ved Kronprinsregentens resolusjon 1. august 2003. Samferdselsdepartementet føresett at tilsynet i 2008 følgjer opp dei oppgåver som er vist til ovanfor, ikkje minst i samsvar med instruksen for tilsynet, samt oppgåver som er tillagt tilsynet sitt ansvar i medhald av jernbanelovgivinga. I samband med tilsynsarbeidet legg vi til grunn av Jernbanetilsynet har ein god og konstruktiv dialog med dei som er underlagt tilsyn. Det er mellom anna viktig at Jernbanetilsynet og Jernbaneverket har ei felles forståing av dei krav i sikkerheitsregelverket som regulerer jernbaneverksemd.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at Statens jernbanetilsyn driv verksemda si så kostnadseffektivt som mogeleg. Departementet vil i den vidare etatsstyringsdialogen med Jernbanetilsynet drøfte nærare kor formålstenleg det vil vere å vidareutvikle eit meir konkret mål- og resultatstyringssystem for verksemda.

For å sikre ei effektiv drift av verksemda ber departementet tilsynet om å prioritere ei vidareutvikling av administrative rutinar og prosedyrar. Ved framlegg om nødvendige budsjettendringar i løpet av året, ber vi om at Statens jernbanetilsyn gjer greie for korleis endringane vil virke inn på dei måla som gjeld for verksemda, jf. pkt. 2 i del I. Samtidig understrekar vi behovet for at Statens jernbanetilsyn held seg innafor vedteken løyving for 2008, og at tilsynet derfor innafor ramma av tildelt løyving, set av nødvendig reserve til å møte uførutsette forhold som kan/vil ha konsekvensar i forhold til vedteken løyving for 2008.

Samferdselsdepartementet ber Jernbanetilsynet om å prioritere standardiseringsarbeid, revisjonsarbeid, arbeidet med oppfølging av ulykker/nesten ulykker, søknader om verksemdsløyving med tilhøyrande søknader om godkjenningar/løyver knytt til materiell og køyreveg, og internasjonalt samarbeid.

Innafor ramma av dei føringar som går fram av budsjettproposisjonen for 2008 og Stortingets handsaming av denne, ber Samferdselsdepartementet om at Statens jernbanetilsyn ved disponering av løyvinga, t.d. ved inngåing av avtaler, avgrensar framtidige budsjettmessige bindingar mest mogeleg.

3. Risikovurdering av mål- og resultatstyring

Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsipp i statleg forvaltning. Vilkåret for ei god mål- og resultatstyring er at leiinga i verksemda kjenner til og aktivt handterer dei utfordringane eller den uvissa som kan påverke måloppnåinga negativt. Økonomiregelverket inneheld gjennomgåande krav om at all styring, oppfølging, kontroll og forvaltning i staten skal tilpassast verksemda sine særdrag og relevans. I tillegg inneheld økonomiregelverket krav til intern kontroll og krav til risikostyring.

Leiinga i Statens jernbanetilsyn skal sørgje for at det finst ei forsvarleg risikostyring og intern kontroll i verksemda, og sjå til at dette fungerer på en tilfredsstillande måte. Med risiko meiner ein her at situasjonar eller hendingar kan skje og påverke oppnåinga av målsettingar negativt. Ein risiko kan vurderast ut frå sjansen for at dette skjer, og den venta konsekvensen dette vil ha dersom det skjer. Resultatet av desse vurderingane viser kor stor den einskilde risikoen er. Dette skal danne grunnlaget for kva for risikoar som er vesentlege for å kunne ha ein negativ påverknad på oppnåinga av målsettingar på ulike nivå og som det derfor må leggjast vekt på i det vidare arbeid med risikostyring.

Så langt det er praktisk mogeleg, ber vi Jernbanetilsynet om å utarbeide ein oversikt over risikoelement i mål- og resultatstyringa i verksemda og melde dette til bake til departementet i første tertialrapport for 2008. Vi viser i denne samanhengen til metodedokumentet «Risikostyring i staten – Håndtering av risiko i mål- og resultatstyringen» frå Senter for statleg økonomistyring.

4. Rapportering

I hovudinstruksen for økonomiforvaltning for leiinga i Statens jernbanetilsyn vert det sett krav til leiinga om rapportering om verksemda. Så snart som mogleg etter tertialskiftet, skal Jernbanetilsynet sende tertialrapport til departementet. Tertialrapportane skal innehalde ei forklaring på bruken av løyvinga etter kontantprinsippet, samt prognose for forbruket ut året samanlikna med vedteken løyving for 2008. Departementet ber elles om at Jernbanetilsynets tertialrapportering for 2008 vidarefører etablert praksis for denne rapporteringa, med særleg vekt på rapportering om status i viktige saker innafor mellom anna regelverksarbeid/-utvikling, verksemdløyve, godkjenningar, revisjonar og enkelthendingar.

Statens jernbanetilsyn skal informere departementet om vesentlege avvik frå vedtekne planar eller tildelingsbrevet med ein gong verksemda vert kjent med slike avvik og samtidig leggje fram forslag om moglege korrigerande tiltak.

Statens jernbanetilsyn skal årleg i forklaringane til statsrekneskapen m.a. gjere greie for vesentlege avvik mellom løyving og endeleg rekneskap. Fristen for denne rapporteringa vert fastsett på grunnlag av rundskrivet frå Finansdepartementet om årsavslutting av statsrekneskapen som vert meddelt i eige brev frå Samferdselsdepartementet.

Statens jernbanetilsyn skal årleg utarbeide ein særskild årsrapport til departementet. På grunnlag av rundskrivet frå Finansdepartementet fastset Samferdselsdepartementet frist for å sende årsrapporten til departementet. Fristen vert meddelt i eige brev til tilsynet. Rapporten
skal innehaide:

  • Rekneskapstal i samsvar med godkjent rapportering til den sentrale statsrekneskapen.
  • Forklaring til avvik frå tildelt løyving.
  • Rapportering om resultat i samsvar med krav som er fastsett tildelingsbrevet for 2008.
  • Utgreiing om måloppnåing og om utvikling i strategiske utfordringar som er omtalte i tildelingsbrevet for 2008.
  • Rapportering om «andre krav» jf. eige pkt.

Om Jernbanetilsynet ønskjer det, kan det i tillegg til årsrapporten, utarbeide ei årsmelding som inneheld fleire og andre saker enn dei som er nemnd her.

Årsrapporten og tertialrapportane vil bli gjennomgått på etatsmøta med departementet.

5. Delegering av fullmakter

Fullmakter frå andre departement

I Gul Bok 2008 s. 207 under romartalsvedtak under Fornyings- og administrasjonsdepartementet
står følgjande fullmakt:

«Stortinget samtykker i at det enkelte departement som ledd i ordningen med bonus og rabatter, i 2008 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på vedkommende utgiftspost, tilbakebetalt bonus og rabatt, også om tilbakebetalingen refererer seg til kjøp i tidligere år.»

Samferdselsdepartementet delegerer med dette denne fullmakta til Statens jernbanetilsyn.

Fullmakter etter løyvingsreglementet

Finansdepartementet delegerte i rundskriv R-10/2005 av 5. desember 2007 nokre fullmakter etter løyvingsreglementet til departementa. Desse fullmaktene kan departementet delegere vidare til underliggjande verksemder. For Statens jernbanetilsyn er følgjande fullmakt relevant:

Fullmakt til å inngå leigeavtaler og avtaler om tenester ut over budsjettåret

Samferdselsdepartementet delegerer med dette til Statens jernbanetilsyn fullmakt til å inngå leigeavtaler og avtaler om kjøp av tenester ut over 2008-budsjettet. Leigeavtalene og avtalene om kjøp av tenester gjeld kjøp til den ordinære drifta av verksemda, t.d. leige av lokale og kontorutstyr og kjøp av reinhalds- og vaktmeistertenester. Tilsynet må kunne dekkje inn utgiftene til slike avtaler innafor eit uendra løyvingsnivå på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter i
heile avtaleperioden. For alle avtaler ut over budsjettåret må Statens jernbanetilsyn nøye vurdere behovet for oppseiingsklausular. Ved vurderinga skal omsynet til den framtidige handlefridomen vege tungt. Dette gjeld særleg avtaler over fleire år.

Dersom fullmakta ikkje vert nytta etter føresetnadene, kan Samferdselsdepartementet trekkje ho tilbake. I forklaringane til statsrekneskapen må Statens jernbanetilsyn gjere greie for at dei disposisjonane som er gjort, ligg innafor fullmakta.

6. Andre krav

Brukarundersøkingar

Brukarane skal i større grad kunne påverke kvaliteten på dei statlege tenestene. Alle statlege verksemder som har oppgåver retta mot publikum, skal derfor gjennomføre systematiske brukarundersøkingar. Resultata av undersøkingane skal som hovudregel gjerast tilgjengeleg for alle. Verksemda sitt arbeid på dette området (om slike undersøkingar er/vil bli gjennomførte, resultata frå gjennomførte undersøkingar og oppfølging av resultata) vil vere grunnlag for departementet si omtale av saka i St.prp. nr. 1 for 2009. Vi vil komme tilbake til nærare frist for tilbakemelding dersom tilsynet legg opp til å gjennomføre ei slik undersøking i 2008.

Tiltak på lA-området

Departementet skal i St.prp. nr. 1 for 2009 omtale planlagde og gjennomførte tiltak på IA-området. I samband med dette må tilsynet gjere greie for resultatutviklinga på sitt område samanlikna med eigne måltal når det gjeld å redusere sjukefråveret, behalde og rekruttere personar med redusert funksjonsevne og auke den reelle pensjonsalderen. Vi vil komme tilbake med frist for tilbakemelding om dette.

Integrering og inkludering av personar med innvandrarbakgrunn [1]

Regjeringa har bestemt at alle statlege verksemder frå 2007 skal setje mål og utarbeide planar for å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn. Slike mål og planar kan t.d. inngå i verksemd- og/eller personalplanar. I årsrapporten skal det rapporterast på måloppnåing. Dette er eitt av tiltaka i handlingsplanen for integrering og inkludering som regjeringa la fram i statsbudsjettet for 2007. I årsrapporten for 2008 skal det derfor
rapporterast på:

  • tal og del (i pst.) tilsette (fast og mellombelse stillingar) med innvandrarbakgrunn i Statens jernbanetilsyn pr. 01.01.2008.
  • kva for mål tilsynet har sett for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn i 2008.
  • tal og deltidstilsette med innvandrarbakgrunn pr. 01.01.2009.
Likestilling

Vi viser til aktivitetsplikta i § 1a i likestillingslova. Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling på alle samfunnsområde. Dette inneber at det vert stilt direkte krav om aktivitetar som fremmar likestilling. Plikta omfattar ikkje berre tilsette, men også brukarar, publikum og andre som verksemda sine aktivitetar har verknad for. Plikta gjeld t.d. i utforming av regelverk og lover, ved budsjett og løyvingar og politiske vedtak.

Aktivitetsplikta inneber å:

  • finne ut om det ein gjer, eller planlegg å gjere, får ulike verknader for kvinner og menn.
  • sørgje for at det ein gjer, eller planlegg å gjere, ikkje aukar skilnadane mellom kvinner og menn.
  • setje i verk tiltak som reduserer skilnadane mellom kvinner og menn.
Miljø og samfunnsansvar i offentlege kjøp

Regjeringa la sommaren 2007 fram Handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser (http://www.regjeringen.no/Upload/MD/Vedlegg/Planer/T-1467.pdf). Planen inneheld ein miljøpolitikk for statlege innkjøp. Det blir stilt konkrete krav til innkjøp av prioriterte produktgrupper. Verksemda må sørgje for å følgje opp miljøpolitikken, og han skal inngå i det interne styringssystemet til verksemda.

Vidareføring av miljøleiing (Grøn stat) i statlege verksemder er ein del av handlingsplanen. Miljøleiing er ein dynamisk og kontinuerleg prosess. Det skal gjennomførast ein årleg revisjon av miljøleiingsarbeidet der det blir lagt til rette for kontinuerlege forbetringar. På www.gronn.stat.no er det samla rettleiingar, verktøy og relevante døme i samband med innføringa av miljøleiing. Verksemder med monalege miljøutfordringar blir oppmoda til å innføre miljøleiingssystem som er sertifiserte av tredjepart.

Årsrapporten for 2008 skal innehalde:

  • Korleis verksemda har følgt opp handlingsplanen
  • Ein kort rapport om arbeidet med miljøleiing i verksemda

7. Avslutting

Departementet legg opp til å halde tre etatsmøte med Jernbanetilsynet i 2008. Vi vil komme tilbake til dato for desse møta. Løyvinga for 2008 på statsbudsjettets kap. 1354 Statens jernbanetilsyn, post 01 Driftsutgifter, som vert stilt til disposisjon, skal nyttast i samsvar med dei styringssignala som er gitte i St.prp. nr. 1 (2007–2008), ved Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2008, i dette tildelingsbrevet og i etatsstyringsmøta med departementet.

I samsvar med § 7 i Reglement for økonomistyring i staten, stiller Samferdselsdepartementet løyvinga på kap. 1354 til disposisjon for Statens jernbanetilsyn for 2008.

Med helsing
Liv Signe Navarsete
Knut Rønning

Kopi til: Riksrevisjonen


[1] Personar med innvandrarbakgrunn (som det skal rapporterast på) er definerte som personar

  • Med to foreldre som er fødde i utlandet og som har innvandra til Noreg.
  • Som er fødde i Noreg med to foreldre som er fødde i utlandet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) gir råd og rettleiing til statlege verksemder i arbeidet med å rekruttere fleire innvandrarar (www.imdi.no). Verksemdene kan ta kontakt med IMDi for råd og rettleiing i arbeidet, m.a. ferdig utarbeidde skjema for å kartleggje tal på tilsette med innvandrarbakgrunn.

Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum