Tildelingsbrev 2010

Tildelingsbrev for 2010 frå Samferdselsdepartementet til Statens jernbanetilsyn

 

Det kongelege samferdselsdepartement

Statens jernbanetilsyn
Wergelandsveien 3
0167 Oslo

Vår ref 09/3051- KJ- 21.12.2009

Statsbudsjettet 2010 - Tildelingsbrev



1. INNLEIING

Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2009-2010). Dette brevet gjeld Stortinget sine budsjettvedtak og nrermare om vilkar og krav som departementet set til Statens jernbanetilsyn i 2010.



2. OVERORDNA MÅL OG UTFORDRINGAR FOR STATENS JERNBANETILSYN

Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsynet med norsk jembane, og skal vera ein aktiv pådrivar for sikker og samfunnsnyttig jembane i tråd med dei overordna målsettingane for samferdselspolitikken i samsvar med Nasjonal transportplan 2010-2019.

Det overordna målet for transportpolitikken er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer behovet for transport og fremjar regional utvikling.

I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt opp til å auke løyvingane m.a. til jembane. Dette er følgt opp i budsjettet for 2010. Det er derfor ei sentral oppgave for Statens jernbanetilsyn å tilpassa sin sakshandsamingskapasitet til den auka aktiviteten i jernbanesektoren som kan ventast i tida framover, samtidig som tilsynet handterar nye oppgåver som Samferdselsdepartementet har lagt til tilsynet. Statens jernbanetilsyn skal sjå til at oppgåver og mål blir følgde opp på ein effektiv og teneleg måte innafor vedtekne løyvingar for 2010 på kap. 1354 Statens jembanetilsyn, post 01 Driftsutgifter.


3. MÅL FOR JERNBANETILSYNET I 2010

Hovudmåla for Statens jembanetilsyn viI i utgangspunktet ikkje endra seg særleg så lengje dei overordna måla for transportpolitikken ligg fast. For 2010 fastset
Samferdselsdepartementet desse hovudmåla og delmåla for Statens jernbanetilsyn:

Hovudmål 1

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene som er regulerte i samsvar med
jembanelovgivinga, oppfyller dei vilkåra og krava som er sette til desse i lovgivinga. I tillegg skal tilsynet overvaka marknaden for a sikra konkurranse på like vilkår og sjå til at rettane til passasjerane blir ivaretekne.

  • Delmål 1.1 Tryggleikstilsyn
    - Føra tilsyn med at verksemdene etterlever regelverket
  • DelmåI 1.2 Marknadsovervaking
    - Overvaka jernbanemarknaden for å sikra konkurranse på like vilkår
  • DelmåI 1.3 Passasjerrettar
    - Føra tilsyn med at fastsette passasjerrettar blir ivaretekne


Hovudmål 2

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at regelverket er teneleg ut fra formålet og at det er fullstendig, oversiktleg og oppdatert.

  • Delmål 2.1 Sikra at regelverket er teneleg
  • DelmåI 2.2 Sikra at aktørane er kjende med gjeldande regelverk
  • DelmåI 2.3 Sikra at EØS-regelverket blir implementert i norsk rett


Hovudmål 3

Statens jembanetilsyn skal forvalta sine oppgåver på ein effektiv og teneleg måte for å sikra tryggleiken på jembana og elles for samfunnet.

  • DelmåI 3.1
    Sikra at det er etablert transparente og føreseielege prosessar knytta til handsaminga av søknader hos Statens jembanetilsyn.
  • DelmåI 3.2
    Ha gode administrative rutinar for smidig og effektiv drift av Statens
    jembanetilsyn.


Hovudmål 4

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene pa jembaneområdet og samfunnet elles er kjende med tilsynet sitt ansvarsområde.


Hovudmål 5

I internasjonale fora skal Statens jembanetilsyn sikre kunnskap om norske interesser og ivareta og fremja desse.


Hovudmål 6

Statens jernbanetilsyn skal ha fagkompetanse og vera sakkunnig innafor dei
ansvarsområda som er lagde til tilsynet.



4. VILKÅR OG KRAV SOM GJELD FOR HOVUDMÅLA

I samband med tilsynsarbeidet legg departementet til grunn at Statens jembanetilsyn har ein god og konstruktiv dialog med jembaneverksemder som er underlagt tilsyn. Samferdselsdepartementet viI i denne samanhengen framheva at jembanetilsynet har ei rettleiingsplikt overfor desse verksemdene. Det er viktig at tilsynet i dialogen med desse verksemdene er klar og tydeleg pa dei krava som gjeld for gjennomføringa av dei ulike tilsynsprosessane. Det er og viktig at Statens jembanetilsyn er føreseieleg i sin informasjon og i sakshandsaminga overfor dei aktuelle verksemdene. Vi viI dessutan visa til at tilsynet har eit ansvar for å gje råd om korleis Samferdselsdepartementet, som har det overordna ansvaret, kan ta initiativ til a betra tryggleiken innan jernbanesektoren.

Samferdselsdepartementet legg vekt pa at Statens jembanetilsyn driv verksemda si kostnadseffektivt. Departementet understrekar at det er viktig at Statens jernbanetilsyn legg opp til eit aktivitetsnivå som held seg innafor vedteke løyving for 2010 og at tilsynet difor set av ein nødvendig reserve til å møte uventa hendingar som kan ha økonomiske konsekvensar for 2010. Departementet understrekar og at Statens jembanetilsyn ved fastsetting av sitt regelverk og i anna tilsynsverksemd, rnå leggje vekt på å ta omsyn til økonomisk-administrative og andre konsekvensar for dei verksemda som er omfatta av tilsynsverksemda.

4.1 Styringsparametre og rapporteringskrav

Samferdselsdepartementet ber om at Statens jembanetilsyn til kvart av hovudmåla og evt. delmåla, vurderar kva som er ei teneleg oppfølging i etatsstyringsdialogen med departementet. Dette gjeld særleg med omsyn til å konkretisere styringsparametre og rapporteringskrav slik at oppfølginga av måla som er fastsette i pkt. 3 i tildelingsbrevet, blir ein aktivt del av etatsstyringa av tilsynet. Vi ber om at tilsynet presenterar forslag til konkrete rapporteringskrav i god tid før framlegg av fyrste tertialrapport i 2010.
Departementet viI pa dette grunnlag gi tilbakemelding om krav til rapportering.

4.2 Risikovurdering og -styring

Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statleg forvaltning. Vilkåret for ei god mål- og resultatstyring er at leiinga i verksemda kjenner til og aktivt handterer dei utfordringane eller den uvissa som kan påverke måloppnåinga pa ein negativ måte. Økonomiregelverket inneheld gjennomgåande krav om at all styring, oppfølging, kontroll og forvaltning i staten skal tilpassast den einskilde verksemda sine særdrag og relevans. I tillegg inneheld krava om intern kontroll i økonomiregelverket også krav til risikostyring.

Leiinga i Statens jernbanetilsyn skal sørgja for at det finnast ei forsvarleg risikostyring og intern kontroll i verksemda, og sjå til at dette fungerar på ein tilfredsstillande måte.
Samferdselsdepartementet ber om at tilsynet seinast i samband med den fyrste
tertialrapporteringa i 2010 gjer greie for dei viktigaste risikoområda som tilsynet har
identifisert med omsyn til å nå fastsette mål for 2010. Tilbakemeldinga skal omfatta ei vurdering av risikoen knytt til kvart av dei hovudmåla og delmåla som er omtala under pkt. 3. Risikovurderingane skal gjerast slik at dei kan vere eit nyttig styringsverktøy i etatsstyringsdialogen mellom Samferdselsdepartementet og tilsynet. Risikovurderingane kan mellom anna omfatta vurderingar av dei einskilde riskoelementa med omsyn til det som er vesentleg, det som kan styrast og mogleg samvariasjon i hendingar.

Risikovurderinga ber byggjast opp slik at den gir eit oversikteleg bilete av den samla risikoen for tilsynet si verksemd i 2010 med omsyn til måloppnåing og budsjettoppfølging. Vi visar i denne samanhengen til metodedokumentet «Risikostyring i staten- Håndtering av risiko i mål- og resultatstyringen» og rettleiaren «Hvordan få en god start på risikostyring i statlige virksomheter», begge frå Senter for statleg økonomistyring, jf. deira heimesider på internett: http://www.sfso.no/

5. VILKÅR OG KRAV SOM GJELD ADMINISTRATIVE TILHØVE

5.1 Brukarundersøkingar

AIle statlege etatar skal regelmessig gjennomføra brukarundersøkingar og resultata av desse skal vera offentlege.

Statens jernbanetilsyn skal i årsrapporten for 2010 rapportera om etaten har
gjennomført brukarundersøkingar og gjort dei offentleg tilgjengelege. Dersom etaten ikkje har gjennomført brukarundersøkingar i 2010, skal det i rapporten opplysast om når slike er tenkt gjennomført. Samferdselsdepartementet viI rapportera samla for aIle sine etatar til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

I arbeidet med brukarundersøkingar kan Fomyings- og administrasjonsdepartementets vegvisar i brukarretting og brukarmedverknad vera nyttig:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/veiledninger_og_brosjyrer/2009/veileder-i-brukerretting-og-brukermedvir.html?id=554071

5.2 IKT -arkitektur


For å sikra meir heilskap og samanheng skal statlege etatar leggja dei sju felles
arkitekturprinsippa til grunn når dei utviklar nye IKT-Iøysingar. Prinsippa gjeld både
ved utvikling av nye IKT-system og ved vesentlege endringar av eksisterande system. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) forvaltar prinsippa.

Statlege etatar skal og ta i bruk felles løysingar for elektronisk ID, som Difi legg til rette for. I tillegg skal etatane bruka Altinn når dei produserar og gjer tilgjengeleg
elektroniske tenester, jf. Samferdselsdepartementets brev med vedlegg av 15. april
2008.

Statlege etatar skal:

  • a) leggja arkitekturprinsippa til grunn når dei utviklar sine IKT-system
  • b) ta i bruk felles eID når dei legg nye e-tenester ut på nett. Felles elektronisk signatur skal takast i bruk når den ligg føre (fra 2010). Eigne eID-Iøysingar som etatane brukar på eksisterande tenester, skal fasast ut og erstattast av den felles infrastrukturen i Difi. Etatar som framleis ønskjer å bruka eigne eID-løysingar, rnå grunngje dette.
  • c) grunngje dei tilfella der dei vel å ikkje bruka Altinn for å produsera relevante tenester retta mot næringsliv og publikum.


Statens jembanetilsyn skal i årsrapporten for 2010 rapportera om korleis etaten har fulgt opp punkt a-c. Samferdselsdepartementet viI rapportera samla for aIle sine etatar til Fomyings- og administrasjonsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Om etaten kjem fram til at den ikkje vil leggja fellesføringa om Altinn (pkt. c) til grunn, skal avviket grunngjevast i brev til Samferdselsdepartementet så snart avgjerda er teken. Departementet vil rapportera vidare til Nærings- og handelsdepartementet.

6. BUDSJETTILDELING OG FULLMAKTER FOR 2010


Stortinget vedtok 10. desember 2009 statsbudsjettet for 2010, jf. Prop. 1 S/Innst. 13 S (2009-2010) .
Denne løyvinga blei vedteke for Statens jembanetilsyn:

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn
post i 1000 kr
01 Driftsutgifter 47 200
Sum kap. 1354 Statens jernbanetilsyn 47 200

Statens jernbanetilsyn har ansvaret for å sjå til at lønsutgiftene i 2010 ikkje blir høgare enn at framtidige lønsutgifter kan dekkjast innafor uendra løyvingsnivå for seinare år.
Samferdselsdepartementet viser elles til den grunngjevinga som er gitt til auken i
løyvinga fra 2009 til 2010 i Prop. 1 S (2009-2010) Det er særleg viktig at Statens
jernbanetilsyn har tilstrekkeleg kapasitet i sakshandsaminga slik at jernbanesatsinga som ligg i Nasjonal transportplan 2010-2019 kan gjennomførast på ein effektiv måte.
Samferdselsdepartementet er merksam på at her ligg det ein risiko og ber difor om at tilsynet pa eigna måte i etatsstyringa, rapporterar nærmare om dette.

6.1 Fullmakter etter løyvingsreglementet

Finansdepartementet delegerte i rundskriv R-110/2005 av 5. desember 2005 nokre
fullmakter etter løyvingsreglementet til departementa. Desse fullmaktene kan
departementet delegere vidare til underliggjande etatar. For Statens jernbanetilsyn er ei fullmakt relevant:

Fullmakt til å inngå leigeavtaler og avtaler om tenester ut over budsjettåret
Samferdselsdepartementet delegerer med dette til Statens jernbanetilsyn fullmakt til å inngå leigeavtaler og avtaler om kjøp av tenester ut over 2010. Leigeavtalene og avtalene om kjøp av tenester gjeld kjøp til den ordinære drifta av verksemda, t.d. leigeav lokal og kontorutstyr og kjøp av reinhalds- og vaktmeistertenester. Tilsynet rnå kunna dekkja inn utgiftene til slike avtaler innafor eit uendra løyvingsnivå på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter, i heile avtaleperioden. For aIle avtaler ut over budsjettåret rnå Statens jernbanetilsyn nøye vurdera behovet for oppseiingsklausular. Ved vurderinga skal omsynet til den framtidige handlefridomen vege tungt. Dette gjeld særleg avtaler som gjeld for fleire år.

Dersom fullmakta ikkje blir nytta etter føresetnadene, kan Samferdselsdepartementet trekkje ho tilbake. I forklaringane til statsrekneskapen rnå Statens jernbanetilsyn gjera greie for dei disposisjonane som er gjorde innafor denne fullmakta.

7. RAPPORTERING OG RESULTATOPPFØLGING

I Hovudinstruks for økonomiforvaltninga for leiinga i Statens jernbanetilsyn er det sett krav til rapportering fra etaten både etter budsjettåret og under budsjettåret.
Jernbanetilsynet skal fortløpande gjennom året, på eige initiativ og på førespurnad,
informere departementet om viktige saker, problemstillingar og opplysningar som gjeld forhold som kan vera relevante for departementet sitt ansvar på tilsynet sitt
arbeidsområde. Statens jernbanetilsyn skal informera departementet om vesentlege avvik fra fastsette mål, vedtekne planar og tildelingsbrevet med ein gong verksemda blir kjent med dette og samtidig gje tilråding om moglege korrigerande tiltak.

Års- og tertialrapporteringa ber utviklast med sterre merksemd på oppfølginga av meir overordna saker, oppfølging av målkrava som er fastsette i tildelingsbrevet og dei risikoomrada som tilsynet har identifisert. Summen av rapporteringa i tertialrapportane, i årsrapporten og på etatsstyringsmøta skal medverke til ein best mogleg styringsdialog og fortløpande resultatoppfølging. Rapporteringa på etatsstyringsmøta bør utfylla og forklara dei skriftlege rapportane. Årsrapporten bør vera meir djuptpløyande og ikkje ei summering av tertialrapportane. Departementet ber også Jernbanetilsynet i års- og tertialrapporteringa gjera greie for oppfølginga av tilrådingane fra Statens havarikommisjon for transport, mellom anna status for oppfølginga av dei einskilde tilrådingane og korleis tilrådingane blir lukka.
Årsrapporten og tertialrapportane viI bli gjennomgåtte på etatsstyringsmøta.

7.1 Årsrapport

Statens jernbanetilsyn skal årleg utarbeida ein særskild årsrapport til Samferdselsdepartementet. På grunnlag av rundskriv fra Finansdepartementet fastset departementet frist for etaten til å senda rapport til Samferdselsdepartementet. Rapporten skal innehalda:

  • Rekneskapstal i samsvar med godkjend rapportering til den sentrale statsrekneskapen
  • Forklaring på avvik i forhold til tildelt løyving
  • Rapportering om resultat ut fra krava som er fastsette i tildelingsbrevet, jf. pkt. 3, 4, 5 og 6 i dette brevet. I rapporteringa skal også innga forklaringar på avvik i forhold til føresetnader og krav som er fastsette fra departementet.
  • Utgreiing om måloppnåing og om utviklinga i strategiske utfordringar som er
    omtalte i tildelingsbrevet.

Dersom Jernbanetilsynet ønskjer det, kan etaten i tillegg til denne årsrapporten, også utarbeida ei årsmelding som inneheld fleire og andre saker enn dei som er omtalte her.

7.2 Tertialrapportar

Så snart som mogleg etter tertialskiftet og to veker før etatsmøtet, skal Statens
jernbanetilsyn senda tertialrapport til departementet. Rapporten skal innehalda:

  • Ein oversikt over bruken av løyvingane hittil i året
  • Prognose for resten av året
  • Utgreiing om vesentlege endringar i framdrift og iverksetjingstidspunkt for nye tiltak
  • Rapport om oppfølging av dei måla og krava som etter pkt. 3 og 4 skal vera med i tertialrapporten.

Departementet ber om at Statens jembanetilsyn i tertialrapporteringa for 2010 i
hovudsak vidarefører etablert praksis for denne rapporteringa, med særleg vekt på
rapportering om status i viktige saker innafor mellom anna regelverksarbeid/-utvikling, tildeling av løyve til jembaneverksemder, godkjenningar, revisjonar, marknadsovervaking og einskilde hendingar av meir prinsipiell karakter.

8. PLAN FOR ETATSTYRINGSMØTA

På same måte som tidlegare år legg Samferdselsdepartementet opp til å halda 3
etatsstyringsmøte i 2010. Det første viI bli halde medio januar 2010, medan det andre viI bli halde medio juni og det tredje medio oktober.

Samferdselsdepartementet viI fastsette endelige datoar for møta i eigne brev.

9. AVSLUTTING


I samsvar med § 7 i Reglement for økonomistyring i staten stillar Samferdselsdepartementet Iøyvinga pa kap. 1354 til disposisjon for Statens jembanetiIsyn i 2010. Løyvinga skal nyttast i samsvar med dei styringssignala som er i gjeve i Prop. 1. S (2009-2010), ved Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2010, jf. Innst.13 S (2009-2010), i dette tildelingsbrevet, i eventuelle supplerande tildelingsbrev og andre brev og i etatsstyringsmøta.

Med helsing

MagnhiId MeItveit Kleppa og Knut Rønning

Kopi til:
Riksrevisjonen

Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum