Registrering av køyretøy i nasjonalt køyretøyregister
Informasjon om registrering av nye køyretøy og endringar av registrerte opplysningar om køyretøy i nasjonalt køyretøyregister (NVR)
Registrering av nye køyretøy
Før nytt rullande materiell kan takast i bruk skal det registrerast i nasjonalt køyretøyregister. Standard skjema for registrering av køyretøy skal brukast. Registreringsskjemaet kan gjerne sendast inn saman med søknaden om løyve til å ta køyretøyet i bruk.
Endringar av registrerte opplysningar
Ved endringar av registrerte opplysningar skal registreringsinnehavaren melde frå om endringane til Statens jernbanetilsyn. Standard skjema for registrering av køyretøy skal brukast. Det vil normalt vere køyretøyinnehavaren som er registreringsinnehavar.
Ved endring av køyretøyinnehavar skal den tidlegare innehavaren varsle Statens jernbanetilsyn. Tilsynet varslar deretter den nye innehavaren om registreringsendringa. Tilsynet endrar først dei registrerte opplysningane når den nye innehavaren har stadfesta at han aksepterer status som innehavar av køyretøyet.
Standard skjema for registrering av køyretøy skal også brukast når ein vil trekkje attende registreringa, til dømes når køyretøyet ikkje lenger er i bruk, jf. punkt 3.2..4 i vedlegget til vedtak 2007/756/EF.
- Forskrift 6. juni 2008 nr. 550 om gjennomføring av vedtak 2007/756/EF av 9. november 2007 om vedtakelse av en felles spesifikasjon for det nasjonale vognregisteret fastsatt i artikkel 14 nr. 4 og 5 i direktiv 96/48/EF og 2001/16/EF
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


