Kva inneheld registeret?

Informasjon om innhaldet i nasjonalt køyretøyregister (NVR)

Det nasjonale køyretøyregisteret skal innehalde opplysningar om rullande materiell som er tillate brukt på den norske delen av det transeuropeiske jernbanenettet. Person- og godsvogner skal likevel berre registrerast i den EØS-staten der dei først blei tekne i bruk. Dette inneber m.a. at vogner som blir registrerte i det svenske køyretøyregister til Transportstyrelsen ikkje skal registrerast i det norske registeret. Andre køyretøy skal registrerast i alle EØS-statar der dei er tillatne brukt.

Omgrepet køyretøy er definert i direktiv 2008/57/EF (interoperabilitetsdirektivet) artikkel 2 fyrste ledd bokstav c: «’køyretøy’: eit jernbanekøyretøy som køyrer på eigne hjul på jernbaneliner, med eller utan dragkraft. Eit køyretøy er samansett av eitt eller fleire strukturelle og funksjonelle delsystem eller deler av slike delsystem.» Materiell som er kopla saman på ein så varig måte at ein må rekne med at fråkopling berre skjer i verkstad, er å sjå på som eitt køyretøy. Dette inneber at eit motorvognsett blir rekna som eitt køyretøy. Det same gjeld for to godsvogner som er kopla saman slik at ein må rekne med at fråkopling berre skjer i verkstad.

For kvart enkelt køyretøy skal desse opplysningane registrerast:

  1. Europeiske køyretøynummer (European vehicle number, EVN)
  2. EØS-stat og nasjonalt tryggleiksmyndigheit der køyretøyet er godkjent
  3. Produksjonsår
  4. Tilvising til EF-verifiseringserklæring
  5. Tilvising til register over rullande materiell (RRS)
  6. Restriksjonar
  7. Eigar
  8. Innehavar (engelsk: keeper)
  9. Eining med ansvar for vedlikehald
  10. Tilbakekalling
  11. Alle EØS-statar der køyretøyet er godkjent
  12. Godkjenningsnummer
  13. Løyve til å ta i bruk

Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum