Europeisk køyretøynummer (EVN)

Informasjon om tildeling av europeisk køyretøynummer (European vehicle number, EVN)

Ved fyrste gongs registrering av køyretøy tildeler Statens jernbanetilsyn køyretøyet eit europeisk køyretøynummer (EVN), jf. punkt 3.2.2 fyrste ledd i vedlegget til vedtak 2007/756/EF.

Reglane for utforming av EVN finst i vedlegg P til vedtak 2006/920/EF av 11. august 2006 om den tekniske spesifikasjonen for samtrafikkevne som gjeld for delsystemet «drift og trafikkstyring» i det transeuropeiske jernbanesystemet for konvensjonelle tog (TSI OPE). TSI OPE er tilgjengeleg i norsk og engelsk versjon som vedlegg til forskrift 25. april 2008 nr. 412. Utfyllande nasjonale føresegner for tildeling av EVN på punkt der det i TSI OPE er forutsett at slike blir fastlagde, finst i dokumentet «Kriterier for tildeling av kjøretøynummer og litra».

Materiellet skal fysisk merkast med EVN. Fristen for merking er 6 år etter tildeling av EVN. Det er ikkje naudsynt å påføre EVN på museumsmateriell som berre er tillate brukt innanlands dersom slik merking er uønskt av museale omsyn.


Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum