Nasjonalt køyretøyregister (NVR)
Informasjon om nasjonalt køyretøyregister (national vehicle register, NVR)
Bakgrunn
Statens jernbanetilsyn skal i samsvar med forskrift 10. april 2006 nr. 411 om samtrafikkevnen i det konvensjonelle jernbanesystemet (samtrafikkforskriften) § 20 og forskrift 10. april 2006 nr. 410 om samtrafikkevnen i det transeuropeiske jernbanesystemet for høyhastighetsog (høyhastighetsforskriften) § 20 føre register over rullande materiell.
Forskrift 6. juni 2008 nr. 550 om gjennomføring av vedtak 2007/756/EF av 9. november 2007 om vedtakelse av en felles spesifikasjon for det nasjonale vognregisteret fastsatt i artikkel 14 nr. 4 og 5 i direktiv 96/48/EF og 2001/16/EF utfyller føresegnene i samtrafikkforskriften § 20 og i høyhastighetsforskriften § 20. Vedtak 2007/756/EF er tilgjengeleg i norsk og engelsk versjon som vedlegg til forskrift 6. juni 2008 nr. 550.
Opprettinga av nasjonalt køyretøyregister fritek ikkje jernbaneføretaka frå plikta i sikkerhetsforskriften § 11-4 til sjølv å føre register over det rullande materiellet verksemdene bruker.
Innlogging i registeret
Kven som skal ha tilgang til registeret går fram av punkt 3.3 i vedlegget til vedtak 2007/756/EF. Det er berre Statens jernbanetilsyn som kan leggje inn og oppdatere opplysningar i det norske registeret. Andre får lesetilgang. Dei som får tilgang er mellom anna køyretøyinnehavarar, eigarar, jernbaneføretak, infrastrukturforvaltar, undersøkingsmyndigheita (Statens havarikommisjon for transport), Det europeiske jernbanebyrået (ERA) og nasjonale tryggleiksmyndigheiter i andre EØS-statar. Statens jernbanetilsyn vil tildele leserettar til verksemdene i samsvar medl tabellen i punkt 3.3 i vedlegget til vedtak 2007/756/EF.Informasjon om brukarnamn og passord for innlogging vil bli formidla til kontaktpersonar i verksemdene.
Innlogging i det nasjonale køyretøyregisteret skjer gjennom eit felles europeisk køyretøyregister (VVR). VVR gjev tilgang til opplysningar lagra i dei nasjonale køyretøyregistra i alle EØS-landa, ikkje berre det norske registeret.
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


