Nasjonalt køyretøyregister
Statens jernbanetilsyn er i ferd med å etablere eit nasjonalt køyretøyregister.
Innhenting av data frå jernbaneverksemdene
Statens jernbanetilsyn har sendt brev til alle jernbaneverksemdene på det nasjonale jernbanenettet for å samle inn data til det nasjonale køyretøyregisteret.
- Brev av 25.08.2009 til jernbaneverksemdene (PDF 29 kB)
- Rekneark for avlevering av opplysningar (MS Excel 30 kB)
- Rettleiing til utfylling av reknearket (PDF 25 kB)
Dersom verksemda finn det formålstenleg, kan ho sende inn fleire rekneark, t.d. eitt rekneark per køyretøytype.
Vi ber om at verksemdene kontrollerer at opplysningane dei sender inn er korrekte og så nøyaktige som mogeleg. Send utfylt rekneark som vedlegg til e-post til <post@sjt.no>.
I samband med vedtak om løyve til å ta i bruk rullande materiell har nokre av jernbaneverksemdene fått melding om at materiellet har blitt innført i tilsynet sitt førebelse køyretøyregister. Vi gjer merksam på at verksemdene også skal rapportere inn materiell som er registrert i det førebelse registeret. Grunnen er at det førebelse registeret ikkje inneheld alle dei påkravde opplysningane.
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


