Formål og rolleavklaring

Statens jernbanetilsyn er utøvande kontroll- og tilsynsmakt for jernbaneverksemder, inkludert sporvegs-, tunnelbane- og forstadsbaneverksemd i Noreg.

Tilsynet skal arbeide for at jernbaneverksemda blir utøvd på ein sikker og formålstenleg måte, til beste for dei reisande, personalet ved banen og publikum generelt.

Tilsynet skal føre tilsyn med at utøvarane av jernbaneverksemd oppfyller dei vilkåra og krava som er sette til verksemda i samsvar med jernbanelovgjevinga. I tillegg skal tilsynet overvaka marknaden for å sikra konkurranse på like vilkår og sjå til at rettane til passasjerane blir ivaretekne.

Tilsynet har også ansvar for å utarbeide forskrifter, gje løyve til å drive jernbaneverksemd og godkjenne rullande materiell og infrastruktur.

Oppgåvene til tilsynet omfattar ikkje myndigheitsområde som høyrer inn under andre offentlege kontroll- og tilsynsorgan, til dømes Politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap eller Arbeidstilsynet.

Den enkelte jernbaneverksemda (den som driv køyreveg, trafikkstyring eller trafikkverksemd) har eit sjølvstendig ansvar for at verksemda som blir utøvd følgjer lover og forskrifter og at verksemda blir utøvd med tilfredsstillande tryggleik. I dette ligg òg at verksemdene må kunne dokumentere at tryggleiken blir overhalden og i tillegg planleggje og setje i verk nødvendige tiltak, både av teknisk og organisatorisk karakter, for å betre tryggleiken når han ikkje er tilfredsstillande.

Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum