Tildelingsbrev for 2010
Statsbudsjettet for 2010 gav tilsynet ei løyving på 47,2 millionar kroner. Statens jernbanetilsyn har motteke tildelingsbrev for 2010 frå Samferdselsdepartementet som spesifiserer nærare kva løyvinga skal brukast til. Tildelingsbrevet fastset seks hovudmål for tilsynet, og beskriv kva for arbeidsoppgåver departementet forventar at tilsynet prioriterer i 2010.
Tildelingsbrevet fastset overordna mål for Statens jernbanetilsyn. Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsynet med norsk jernbane, og skal vere ein pådrivar for sikker og samfunnsnyttig jernbane i tråd med overordna målsettingar for samferdselspolitikken. Hovudmåla for 2010 er:
- Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene som er regulerte i samsvar med jembanelovgivinga, oppfyller dei vilkåra og krava som er sette til desse i lovgivinga. I tillegg skal tilsynet overvaka marknaden for å sikra konkurranse på like vilkår og sjå til at rettane til passasjerane blir ivaretekne.
- Statens jernbanetilsyn skal sjå til at regelverket er teneleg ut fra formålet og at det er fullstendig, oversiktleg og oppdatert.
- Statens jembanetilsyn skal forvalta sine oppgåver på ein effektiv og teneleg måte for å sikra tryggleiken på jembana og elles for samfunnet.
- Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene pa jembaneområdet og samfunnet elles er kjende med tilsynet sitt ansvarsområde.
- I internasjonale fora skal Statens jembanetilsyn sikre kunnskap om norske interesser og ivareta og fremja desse.
- Statens jernbanetilsyn skal ha fagkompetanse og vera sakkunnig innafor dei ansvarsområda som er lagde til tilsynet.
Relatert informasjon:
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


