Tildelingsbrev for 2009
Statsbudsjettet for 2009 gav tilsynet ei løyving på 37,3 millionar kroner. Statens jernbanetilsyn har motteke tildelingsbrev for 2009 frå Samferdselsdepartementet som spesifiserer nærare kva løyvinga skal brukast til. Tildelingsbrevet fastset seks hovudmål for tilsynet, og beskriv kva for arbeidsoppgåver departementet forventar at tilsynet prioriterer i 2009.
Tildelingsbrevet fastset overordna mål for Statens jernbanetilsyn. Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsynet med norsk jernbane, og skal vere ein pådrivar for sikker og samfunnsnyttig jernbane i tråd med overordna målsettingar for samferdselspolitikken. Hovudmåla for 2009:
- Statens jernbanetilsyn skal sjå til at regelverket er teneleg med omsyn til formålet og at det er fullstendig, oversiktleg og oppdatert
- Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene som er regulerte i samsvar med jernbanelovgivinga, oppfyller dei vilkåra og krav som er sette til desse i lovgivinga
- Statens jernbanetilsyn skal forvalte sine oppgåver som gjeld godkjenningar, lisensar, marknadsovervaking, tillatingar m.v på ein effektiv og hensiktsmessig måte som er teneleg for tryggleiken på jernbana og for samfunnet.
- Statens jernbanetilsyn skal aktivt drive informasjonsarbeid overfor verksemdene på jernbaneområdet og samfunnet elles.
- Statens jernbanetilsyn skal, i samråd med Samferdselsdepartementet, delta aktivt i internasjonale fora som arbeider med tryggleiks- og harmonisering/standardiseringsspørsmål innafor jernbanesektoren med særleg verknad for norsk jernbane.
- Statens jernbanetilsyn skal i kraft av sin fagkompetanse og gjennom effektive interne rutinar opptre som sakkunnig innanfor dei ansvarsområda i jernbanesektoren som er lagde til Jernbanetilsynet.
Relatert informasjon:
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


