Jernbanepassasjerar får styrkt rettane sine
Regjeringa gjer framlegg om endringar i jernbanelova, jernbaneansvarslova og COTIF-lova, slik at EU-forordninga om jernbanepassasjerane sine rettar kan bli ein del av norsk rett. Framlegget inneheld også reglar for å gjennomføre lokomotivførardirektivet. Framlegget til lovendringar vart lagt fram i statsråd 3. april.
Føremålet med EU-forordninga er å gje alle togpassasjerar i EØS-området dei same minimumsrettane. Forordninga inneheld krav til mellom anna informasjon om kjøp av billettar, erstatning ved forseinkingar, assistanse til funksjonshemma og krav om oppretting av klageordningar.
EU-direktivet om sertifisering av lokførarar inneber ei harmonisering av dei nasjonale ordningane for sertifisering av lokførarar. Føremålet er å gjere det enklare å bruke lokførarar på tvers av landegrensene, samstundes som ein sikrar tryggleiken.
Besøksadresse: Wergelandsveien 3, 0167 Oslo. Postadresse: Postboks 7113 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Telefon: 22 99 59 00. E-post til nettredaksjon. Foto: Rune Fossum


